Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I denne læringsstien skal du utforske og reflektere over korleis urfolk og minoritetar er representerte og blir presenterte i norske medium.
Etter å ha jobba med denne læringsstien skal du
- forstå omgrepet stigmatisering og kjenne til døme på korleis urfolk, innvandrarar og andre minoritetar opplever at dei blir stigmatiserte i norske medium
- reflektere over kvifor nokre grupper er underrepresenterte i media, og forstå kvifor det er viktig at folk som tilhøyrer minoritetsgrupper sjølv deltek i produksjon og presentasjon av medieinnhald
- vite korleis du gjennomfører eit kvantitativt dokumentstudium