Representasjon i media - Svart dame i rullestol på skjermen - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Representasjon i media

Fagartikkel

På skjermen: svart kvinne i rullestol

Sally Kamara er innvandrar, svart og rullestolbrukar. Som programleiar i Supernytt er ho eit viktig førebilete for barn og unge som drøymer om ein jobb i mediebransjen.

Mangfald på skjermen

No jobbar Sally Kamara i NRK-programmet Supernytt. I eit intervju på Dagsrevyen fortel ho om kvifor ho synest det er viktig at ei svart kvinne i rullestol blir programleiar på NRK

Ho seier Supernytt er ei nyheitssending berekna på barn mellom 8 og 12 år. Dei programleiarane vi som barn veks opp med på TV, blir førebilete vi strekkjer oss mot seinare i livet. Derfor er det viktig at programleiarane representerer mangfaldet i befolkninga. Til bladet Journalisten 12. mars 2021 seier Kamara følgjande:

– Jeg har aldri sett en som ser ut som meg på TV før, og jeg synes det er viktig at barn får muligheten til å gjenkjenne seg selv når de ser på TV. Barn er morgendagens ledere, derfor er det viktig å styrke dem intellektuelt og emosjonelt. Det å få muligheten til å være en del av Supernytt som gjør akkurat dette, er veldig gøy, sier fortsetter hun.

Reflekter saman med ein medelev

Reflekter over denne utsegna som
Christopher Pahle kjem med i ein kronikk i Dagbladet i 2018:

"[...] hvis vi kun skildrer minoriteter i kraft av deres egenskap som minoritet eller forfordelt gruppe, som annerledes fra normalen, blir annerledesheten alt vi ser [...] ."

Minoritetar underrepresenterte i medieredaksjonane

Minoritetsgrupper er underrepresenterte i dei fleste medieredaksjonar. Det har fleire årsaker. Manglande språkkompetanse kan vere ein grunn til at nokre innvandrargrupper er underrepresenterte. Ei anna årsak kan vere at det å velje ei journalistutdanning har låg status i nokre innvandrarmiljø.

Manglande rekruttering kan òg kome av fordommar hos dei som tilset medarbeidarar. Undersøkingar viser til dømes at mange har lett for å tenkje at menneske med framandkulturell bakgrunn eller fysisk funksjonsnedsetjing er mindre intelligente enn folk flest.

Krav til auka medvit i mediebransjen

Når vi berre ser kvite, funksjonsfriske menneske på TV-skjermen, blir avstanden forsterka mellom majoritetsgrupper og minoritetsgrupper i samfunnet. Ei aksjonsgruppe som kallar seg Unge Antirasister, stilte i 2020 krav til den norske mediebransjen om

  • å auke andelen av folk med minoritetsbakgrunn i redaksjonar gjennom rekrutteringstiltak som oppmuntrar, tilpassar og sikrar fleire journalistar med minoritetsbakgrunn.

  • eit godt arbeidsmiljø utan diskriminering

  • retningslinjer som hindrar støytande omgrep, formuleringar og vinklingar i artiklar og reportasjar

  • at journalistar må bli betre til å velje kjelder som representerer den faktiske i området saka handlar om

  • at folk med minoritetsbakgrunn må få meir plass til å uttale seg som ekspertar på ulike saker, ikkje berre saker som handlar om innvandring og integrering

I dette programmet frå 2019 inviterer programleiar Noman Mubashir og kokken Stian Floe fire kjende TV-fjes med minoritetsbakgrunn heim til seg for å feire id: Nancy Herz, Jonis Josef, Kadafi Zaman og Faten Mahdi al-Hussaini. Kva meirverdi gir det at programleiaren sjølv er muslim?

Rekrutteringsprogram for fleirkulturelle journalistar

NRK er eit døme på ei mediebedrift som meiner det er viktig å rekruttere journalistar med fleirkulturell bakgrunn. Dei har eit rekrutteringsprosjekt som heiter NRK FleRe, og det blir leidd av Iram Ansari.

For Ansari handlar FleRe om å føre NRKs samfunnsideal vidare, og i 2020 sa ho følgjande til den fleirkulturelle avisa Utrop:

– Her i NRK heter det at "vi skal være til for alle". Vi ser dette som et viktig samfunnsoppdrag, å både være vaktbikkjer som utfordrer makt og samfunnsoppbyggere som styrker demokratiet. Å ha et speilbilde av befolkningen, både i mediene og representert i mediene, handler om å styrke demokratiet.

Kjelder

Aarli-Grøndalen, R. (2021, 12. mars). Salamatu Kamara ny programleder i NRK Supernytt: – Har aldri sett en som ser ut som meg på tv før. Journalisten. https://journalisten.no/frank-sivertsen-kortnytt-nrk-super/salamatu-kamara-ny-programleder-i-nrk-supernytt--har-aldri-sett-en-som-ser-ut-som-meg-pa-tv-for/453346

Castello, C. (2020, 2. september). – Flere flerkulturelle journalister handlar om samfunnsoppdrag. Utrop. https://www.utrop.no/nyheter/ansikt-i-fokus/225198/

Elvestad, L.A. (2019, 12. august). Et spørsmål om likestilling. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/kultur/et-sporsmal-om-likestilling/71471973

NRK. (2021, 16.mars). Sally er ny programleder i NRK. Facebook. https://www.facebook.com/watch/?v=1103176440163723

Pahle, C. (2018, 11. januar). Hva skal vi egentlig med mangfold på skjermen? Dagbladet. https://www.dagbladet.no/kultur/hva-skal-vi-egentlig-med-mangfold-pa-skjermen/69331116

Unge Antirasister (2020, 5. oktober). Mediene svikter minoritetene og storsamfunnet. Her er våre krav. Journalisten. https://journalisten.no/kortnytt-mangfold-mangfold-i-mediene/mediene-svikter-minoritetene-og-storsamfunnet-her-er-vare-krav/429996

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Leos metode

Lytt til ein samtale med programleiar Leo Ajkic om kva som driv han i arbeidet som journalist. Korleis ser han på seg sjølv som rollemodell?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021