Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis blir drifta av redaksjonar finansierte?

Undersøk korleis ulike mediehus finansierer den journalistiske verksemda si.

Undersøk finansiering av journalistisk arbeid

Jobb aleine eller i grupper etter avtale med læraren.

  • Finn fram til to eller tre mediehus i Noreg og/eller internasjonalt. Ha fokus på journalistisk verksemd.
  • Beskriv medieverksemdene og kva for sentrale redaksjonar som finst der.
  • Dersom du finn opplysningane, oppgi overslag over talet på menneske som jobbar i mediehuset og/eller redaksjonen og kor mange brukarar redaksjonen har kontakt med.
  • Finn ut korleis mediehuset og/eller redaksjonen finansierer drifta av den/dei journalistiske tenesten(e).
  • Del informasjonen i klassen og lag ei felles oppummering av spørsmålet:

Korleis blir journalistisk verksemd finansiert?