Eigarskap av norske aviser og TV- og radiokanalar - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Eigarskap av norske aviser og TV- og radiokanalar

Kven eig dei norske media? Og korleis påverkar globalisering norsk mediestruktur? Det er noko av det vi skal ta opp her.
Trine Eilertsen om eigarskap i media. Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

I Noreg har vi både offentlege og private medieeigarar. Offentlege medieeigarar skal spesielt ta vare på demokratiske, sosiale og kulturelle behov som omfattar alle borgarar i samfunnet. Men dei fleste media er eigd av store, privateigde mediehus. Utviklinga går i retning av større eigarkonsentrasjon.

Eigarskap i avisbransjen

I 2019 kontrollerte tre store aviseigarar i Noreg til saman 70,7 prosent av det totale avisopplaget.

Schibsted

Den største eigaren var Schibsted (29,4 prosent av opplaget). Dei eig seks av dei ti største avisene i Noreg, mellom anna Aftenposten, Aftenposten Junior, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen, VG og Stavanger Aftenblad.

Schibsted er eigd av Blommenholm Industrier og diverse investeringsbankar og fond.

Amedia

Deretter har vi Amedia (27,5 prosent av opplaget). Amedia eig meir enn 70 små og store lokalaviser og har ei sterk stilling aust og vest for Oslofjorden. Amedia er eigd av Amediastiftelsen, oppretta av Sparebankstiftelsen DNB.

Polaris Media

Den tredje store aviseigaren er Polaris Media (13,8 % av opplaget), som eig Adresseavisen og mange lokale aviser på Nord-Vestlandet, i Trøndelag, i Nord-Noreg og på Sørlandet. I tillegg kontrollerer fleire mellomstore konsern og ei rekkje mindre uavhengige eigarar éin eller nokre få aviser kvar.

Polaris Medias største eigarar er Schibsted og det svenske medieselskapet Nya Wermlands-Tidningens AB.

Eigarskap i TV-marknaden

Dei store aktørane på TV-marknaden er den offentleg finansierte allmennkringkastaren NRK og dei kommersielle og privateigde TV 2, Discovery og Nordic Entertainment Group (NENT). Totalt har desse fire 84 prosent av marknaden. TV 2 er heileigd av danske Egmont, og Discovery er kontrollert av amerikanaren John C. Malone og familien Newhouse.

Eigarskap i radiomarknaden

NRK er offentleg eigd og er den største nasjonale radioaktøren (64 prosent). NRK har eit særskilt samfunnsoppdrag som allmennkringkastar. Dei andre nasjonale radioaktørane Bauer Media (12 prosent, Radio Norge) og NENT (24 prosent, P4) er kommersielle og privateigde.

Bauer Media er eit tysk mediekonsern, og NENT er eigd av svenske institusjonar og andre internasjonale investorar. I tillegg har vi lokalradiomarknaden, som består av små og store aktørar spreidde over heile landet.

Kjelder

Medietilsynet. (2021). Eigarskap i norske medium. Medietilsynet.no. https://www.medietilsynet.no/fakta/mediene-i-tall/eierskap-i-norske-medier/

Medienorge. (2021). Store mediekonsern. Medienorge – fakta om norsk media. https://medienorge.uib.no/fakta/mediekonsern

Skrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021