Hopp til innhald

Fagstoff

Allmennkringkasting

Ein allmennkringkastar har som oppgåve å formidle eit breitt og mangfaldig tilbod av program og kultur til heile befolkninga. I Noreg har vi i dag to allmennkringkastarar: Den eine er kommersiell og reklamefinansiert. Den andre er statseigd og finansiert med skattepengar.
Familie som lyttar til radio på 1950-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Allmennkringkasting

Omgrepet allmennkringkasting stammar frå det engelske omgrepet public service broadcasting. Tanken bak allmennkringkasting er at tilgang til informasjon og underhaldning er eit gode som alle borgarar i ein stat har rett på. Ein allmennkringkastar må derfor vere tilgjengeleg over heile landet og ha eit godt og variert programtilbod for alle lyttarar og sjåarar, uansett alder, heimstad, interesser eller etnisk/kulturell tilhøyrsel.

Det statlege, ikkje-kommersielle britiske kringkastingsselskapet BBC er den eldste allmennkringkastaren i verda. Allmennkringkastarane er framleis populære i mange europeiske land, spesielt i Norden, Storbritannia og Sentral-Europa.

Å vere allmennkringkastar er eit privilegium, fordi kringkastaren får senderett til alle delar av landet. Med den retten følgjer ei plikt til å lage eit innhaldstilbod for heile befolkninga og til å produsere nyheits- og aktualitetsprogram.

Norske allmennkringkastarar

I Noreg er det Kulturdepartementet som bestemmer kva kringkastingsselskap som får status som allmennkringkastarar. Desse kringkastarane har eit spesielt ansvar for å halde borgarane løpande orienterte om det som skjer, både her heime og ute i verda. Dei nasjonale allmennkringkastarane har òg ansvar for å hegne om norsk språk og kultur, og for å vere ein arena for samfunnsdebatt.

Kringkastingslova regulerer kven som har rett til å drive kringkasting i Noreg, og korleis verksemda må innrettast. Fram til 1980-talet var NRK den einaste allmennkringkastaren i Noreg. Og fram til 2017 hadde vi allmennkringkastarane NRK, TV 2, Radio Norge og P4. Då blei FM-nettet, det analoge nasjonale sendenettet for radio, fasa ut. Og styresmaktene fann ut at det ikkje lenger var grunnlag for å dele ut konsesjonar for radio. I dag er det NRK og TV 2 som har eit allmennkringkastaroppdrag.

Norsk rikskringkasting (NRK)

NRK er eit statleg aksjeselskap der statsråden i Kulturdepartementet utgjer generalforsamlinga. Frå og med 1. januar 2020 blir NRK finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet og betalt over skattesetelen. NRK har ikkje lov til å skaffe seg inntekter gjennom reklame, men det er tillate å late sponsorar bidra ved større arrangement.

Staten har formulert kva krav som blir stilte til NRK som statleg allmennkringkastar, i den såkalla "NRK-plakaten":

  • NRK skal understøtte og styrkje demokratiet.

  • NRK skal vere allment tilgjengeleg.

  • NRK skal styrkje norsk og samisk språk, og styrkje norsk og samisk identitet og kultur.

  • NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping.

  • NRK skal fremje barn sin rett til ytringsfridom og informasjon, og verne barn mot skadelege former for innhald.

  • NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere ikkje-kommersielt.

  • NRK skal ha eit attraktivt innhaldstilbod på internett, mobil-TV o.a.

Logoen til TV 2. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

TV 2

TV 2 er ein kommersiell allmennkringkastar som har inngått ein avtale med staten om å vere allmennkringkastar på TV frå 2019 og ut 2023.

Ifølgje avtalen har TV 2 forplikta seg til å investere årlege beløp i nyheiter, program for barn og unge og dessutan norsk film- og TV-drama. Avtalen stiller òg krav til TV 2 si programverksemd. Mellom anna skal

  • det vere tilbod om program for både breie og smale grupper

  • norskspråklege program utgjere minst 50 % av sendetida

  • begge dei offisielle norske målformene nyttast

  • programtilbodet ha tematisk og sjangermessig breidd

Medietilsynet fører tilsyn med korleis allmennkringkastarane oppfyller forpliktingane sine.

Kjelde

Medietilsynet (2021). Allmennkringkasting. Henta frå https://www.medietilsynet.no/mediebildet/allmennkringkasting/#anchor_7013

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi