Hopp til innhald
Oppgåve

Eigarskap, opplag og betalingsordningar

Oppgåve 1: Avisopplagstal

  1. Bruk tabellgeneratoren til å finne fram opplagstal for ei laussalsavis, ei storbyavis og ei lokalavis http://www.medienorge.uib.no/statistikk/medium/avis/190
  2. Svar på desse spørsmåla:

    • Kva seier tala deg om utviklinga av opplagstala dei siste 25 åra?
    • Korleis vil du forklare denne utviklinga?
  3. Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt for heile klassen.

Oppgåve 2: Betalingsordningar

  1. Finn lokalavisa di her: http://www.norske-aviser.com/
  2. Finn ut av og svar på desse spørsmåla:

    • Kva betalingsordning har lokalavisa di på nett?
    • Kva kostar dei ulike abonnementsordningane?
  3. Kva skal til for at du er villig til å betale for full digital tilgang til lokalavisa?

Oppgåve 3: Eigarskap

  1. Kva kjenneteiknar selskapa Amedia og Bonnier? Prøv å finne svaret her: http://medienorge.uib.no/fakta
  2. Kva type medieverksemd eig Amedia og Bonnier ifølgje denne oversikta: https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/mediemangfoldsregnskapet/