Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjon rundt miljømedvitne val

Når me skal reflekterer over miljømedvitne val i arbeidslivet, må me ha fleire perspektiv å tenkje ut frå, elles er det ikkje refleksjon. Her kan du og medelevane dine saman reflektere rundt ulike tema og kvardagssituasjonar som er aktuelle for dykk i arbeidet.
Ei jente og ein vaksen studerer eit tre i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Dialogkort

Gå saman to eller tre, og gå igjennom dei seks dialogkorta og diskuter dei ulike punkta munnleg.

Del 2. Diskuter i grupper

Still dykk følgjande spørsmål til munnleg diskusjon:

  1. Er punkta i dialogkorta over reelle område ein kan jobbe med på praksisstaden din? Grunngi svaret ditt.

  2. Er det andre område/situasjonar der de kan ta miljømedvitne val på praksisstaden din? Forklar.

  3. Er det mogleg å endre noko på praksisstaden din slik at det blir meir miljømedvit hos dei tilsette? Gi døme.

  4. Finn døme på ting som kan gjenbrukast på praksisstaden, og kva dei kan gjenbrukast til.

  5. Er det ting ein ikkje kan gjenbruke, i så fall kvifor?

  6. Kva typar avfall blir sorterte på praksisstaden din?

  7. Er det fleire ting som bør sorterast?

  8. Finn ut om det blir jobba med tema rundt miljømedvit på praksisstaden din, og forklar korleis dei eventuelt gjer det.

Del 3. For barne- og ungdomsarbeidarfag

Gå inn på lenkja til Grønt flagg i relatert innhald. Under fanen "Om grønt flagg" finn du ut kva dei gjer, og kvifor dei gjer det. Trur du at Grønt flagg kan medverke til at dei tilsette og barna blir meir medvitne om korleis dei tek miljømedvitne val? Forklar og grunngi.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga