Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Miljømedvitne val – Kort om mikroplast

Ifølgje Miljødirektoratet blir det sleppt ut nesten 20 000 tonn mikroplast i Noreg kvart år. Overalt i naturen finn vi mikroplast, og forskarane går ut frå at mesteparten av det som blir sloppe ut, til slutt hamnar i havet.

Oppgåver til filmen

Sjå filmen og svar på oppgåvene.

  1. Kva er mikroplast?

  2. Noter viktige fakta om kvifor plast er skadeleg for menneske og dyr.

  3. Korleis kan vi forhindre at plast kjem ut i naturen?

  4. Kva kan du gjere sjølv for å få ned plastforbruket?

Oppgåver til temaet plast

For at vi alle skal kunne ta miljømedvitne val, må vi ha informasjon om kva vi kan gjere, og korleis vi kan gjere det. Det gjeld både for deg som barne- og ungdomsarbeidar og for barn og unge du jobbar med.

  1. Finn ut kva må du gjere når du kjeldesorterer plast.

  2. Finn ut kva som skjer med plastprodukt som er kjeldesorterte.

  3. Korleis vil du få barn og unge engasjerte i å kjeldesortere plast?

  4. Filmen Kort om mikroplast har tilrådd aldersgrense ni år. Tenk deg at filmen skal nyttast som introduksjon til temaet "Ta vare på miljøet vårt".

    1. Kva vil du gjere?

    2. Korleis vil du gjere det?

    3. Kvifor vil du gjere det slik?

    4. Kva må du vere klar over når du nyttar filmen med barn og unge?

  5. Finn filmar eller bøker som informerer om plastproblematikken, og som du kan nytte for yngre barn.

    1. Korleis kan du nytte det du fann, med yngre barn?

    2. Lag ein plan over kva, korleis og kvifor du gjer det.

    3. Kva må du vere klar over når du nyttar dette materialet med barn og unge?

  6. Korleis kan barnehagar og SFO nytte plast på nytt i den pedagogiske kvardagen?

Kjelde

Miljødirektoratet. (2023, 22. juni). Mikroplast. Miljøstatus. https://miljostatus.miljodirektoratet.no/mikroplast

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2023

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga