Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter løysinga di på eit berekraftsproblem

Kan fagkunnskapen din vere ein del av løysinga? Og veit du korleis du kan presentere ideane dine på ein måte som gjer at andre trur på dei? Det er viktig for å få hjelp til å realisere dei.
Automatisk trafikkontroll-skilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FNs 17 berekraftsmål er eit felles oppdrag til alle land i verda om å få til . Kvart mål definerer eit område som vi må jobbe med.

Oppgåve

Del 1: Finn og vel eit problem

  1. Les om berekraftsmåla. Sjå først over alle måla. Klikk så på kvart mål og få med deg konkret informasjon om kvart problemområde, i tillegg til fleire delmål:


    Berekraftsmåla på nettsidene til FN-sambandet

  2. Vel deg eit mål som du synest verkar relevant til studieprogrammet ditt. Du kan velje eit delmål eller eitt av hovudmåla. Tenk på kva kunnskapar og evner du har med deg frå yrkesfaga dine som kan vere nyttige når du skal løyse problemet.
  3. Når alle har valt eit mål, kan de dele dette i klassen. Bli einige om eitt mål som de kan finne løysingar på ved hjelp av fagkompetansen som de sit med.
Døme på delmål som kan brukast

Under mål nr. 3, "God helse":

3.6) Innan 2020 halvere talet på dødsfall og skader i verda forårsaka av trafikkulykker.

Under mål nr. 5, "Likestilling mellom kjønna":

5.b) Styrkje bruken av tilpassa teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner.

Under mål nr. 12, "Ansvarleg forbruk og produksjon":

12.5) Innan 2030 betydeleg redusere avfallsmengda gjennom forbod, reduksjon, gjenvinning og ombruk.

Del 2: Kva slags løysingar kan de bidra med?

  1. Del inn i grupper. Bli einige om reglar for gruppa ved å ta ein runde der alle beskriv kva dei treng for at gruppearbeidet skal fungere. Skriv ned det de blir einige om.
  2. Diskuter først problemet og situasjonen slik han er i dag.
  3. La kvar gruppemedlem skrive ned nokre tankar om løysingar på desse problema. Bruk fem minutt på dette.
  4. Del tankane i gruppene – alle får to minutt kvar til å beskrive ideane sine.
  5. Korleis kan fagkunnskapen dykkar bli brukt til å kome opp med gode løysingar? Søk etter relevant informasjon frå fagbøker og elektroniske kjelder som de vurderer som gode.
  6. Kom fram til eit felles forslag til løysing.

Del 3: Presenter løysinga på ein overtydande måte

  1. Presenter løysinga dykkar for klassen.
  2. Bruk denne sjekklista for presentasjonen til å gi kvarandre tilbakemeldingar:
  • Løysingane er konkrete og gjennomførbare.
  • Gruppa har brukt fagkunnskap på ein god måte.
  • De får fram ideane på ein tydeleg måte.
  • Presentasjonen skaper engasjement.
  • De verkar truverdige som fagpersonar.

Nyttige ressursar

Du får tips om korleis du kan lage ein god munnleg presentasjon i desse ressursane:

Relatert innhald

Å lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga