Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berekraftig kosthald – kva er viktigast?

Det er lett å vere einig i at vi bør ha eit berekraftig kosthald, men kva betyr det eigentleg? Sjå nærare på FNs definisjon av kva eit berekraftig kosthald er og finn ut kva de synest er viktigast.
Gapande munn et jordklode på gaffel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kva er forskjellen på "mat" og "kosthald"? Er det viktig å skilje mellom kosthald og mat, tenkjer de?
  2. Kva tenkjer de på når de høyrer omgrepet "berekraftig kosthald"? Lag ei felles ordsky i klassen.
  3. Bruk ordskya som utgangspunkt for å diskutere kva faktorar de meiner påverkar kor berekraftig eit kosthald er.

Oppgåve 2

Vi må vurdere mange ulike faktorar for å kunne avgjere om kosthaldet vårt er berekraftig eller ikkje. I denne oppgåva skal de jobbe med lista over faktorane under. Fyll inn det de kjem fram til i lista. Når arbeidet er ferdig, kan de opprette eit dokument med alle svara dykkar.

I oversikta under har vi sett opp dei faktorane som FN meiner kjenneteiknar eit berekraftig kosthald.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga