Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjenbruk av puslespelbrikker

Ofte opplever vi at vi manglar nokre brikker i puslespelet vårt. Det vil ikkje seie at vi må kaste spelet. Her får du i oppgåve å finne ut kva du kan gjere med dei brikkene du har att.
Ein knust plast-tiara med mange små diamantar og ein stor rosa diamant er limt på ei teikning av eit brurepar. Brura har glitrande bitar på skjørtet sitt og brudgommen har ein liten bit av tiaraen som sløyfe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Utstyr: puslespelbrikker, pensel, måling, lim, glitter, pyntegjenstandar

Tips: Når vi skal måle på puslespelbrikker, er det lurt å ta av den ytste delen av puslespelet. Då sit målinga betre, og det blir lettare å feste saman brikkene.

  1. Vel ei av oppgåvene:

    1. Lag ei uro av puslespelbrikker.

    2. Lag snøkrystallar av puslespelbrikker.

    3. Lag eit måleri ved å ta i bruk puslespelbrikker.

    4. Mål brikkene i ulike fargar og lag eit bilete ved å lime brikkene på ei finerplate.

  2. Lag ein instruksjon basert på korleis du gjennomførte oppgåva. Han skal innehalde:

    • kva du gjorde

    • korleis du gjorde det

    • kva aldersgruppe aktiviteten passa for

    • kva denne aktiviteten utviklar hos barn

  3. Dokumenter arbeidet ved hjelp av bilete eller video.

  4. Kva andre materiale som er litt øydelagde, kan du nytte til å lage noko av?

  5. Kva bidreg gjenbruk til for miljøet vårt?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2021

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga