Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Biologisk mangfald

I jobben din som barne- og ungdomsarbeidar kan dei miljømedvitne vala du tek, inspirere barn og unge til sjølv å ta miljømedvitne val. Du går dermed føre som ein god rollemodell. Her er det insekta som skal få hjelp av deg.
Hus til insekt med hol av ulik storleik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei viktig oppgåve for deg som barne- og ungdomsarbeidar er å vise verdiar, haldningar og praksis som fremjar miljømedvitne val hos barn og unge. Dersom vi klarer å få barn og unge til aktivt å ta del i miljøvern, kan det bidra til å påverke framtida positivt.

I dag kjeldesorter vi, tek i bruk naturmateriale, nyttar miljøvenlege produkt og snakkar om vern av dyr, blomstrar og tre i dei aller fleste institusjonane. Det viser at vi er på veg og engasjerer oss i berekraftig utvikling.

FNs berekraftsmål nummer 15 tek for seg det å verne det biologiske mangfaldet vi har, og det finst fleire artar av insekt som står i fare for å bli utrydda. Då er det viktig at du og barn og unge du jobbar med, blir kjende med dei artane vi har, og er med på å ta vare på dei.

Bli kjend med insekt

Del 1. Praktisk arbeid

  1. Vel deg eit insekt som du har lyst til å lage ein modell av og bli kjend med.

  2. Teikn ei skisse av insektet ditt.

  3. Bruk materiale du finn i naturen, og lag insektet. Her er alt tillate, men hugs at du ikkje må leggje igjen øydeleggjande spor i naturen.

  4. Dokumenter prosessen ved hjelp av bilete.

  5. Når du er ferdig, lagar du eit sluttbilete av insektet. Tenk at insektet ditt er på utstilling.

Del 2. Teoretisk arbeid

  1. Finn fakta om insektet du har valt.

  2. Kvifor er det viktig å ta vare på insekt?

  3. Lag ei historie/forteljing/dikt/regle/song/rap som du kunne ha fortalt til eller framført for ei barnegruppe, om insektet ditt. Vel sjølv alder. Bruk fantasien. Orda du nyttar, må vere tilpassa alderen til barna.

Del 3. Sluttproduktet

Lag ein instruksjon som andre barne- og ungdomsarbeidarar kan nytte når dei lagar dette insektet. Instruksjonen skal innehalde:

  • informasjon om betydinga til insektet i naturen

  • fakta om insektet

  • instruksjon til korleis lage insektet. Bruk bilete som du tok under del 1.

  • historia/forteljinga/diktet/regla/songen/rapen som du laga, med forklaring på kvifor denne eignar seg for den aldersgruppa du hadde valt

Del 4. Refleksjon

  1. Reflekter og diskuter med medelevar om slike oppgåver, med å lage insekt, kan gjere barn og unge meir miljømedvitne og bidra til at dei ønskjer å ta vare på artsmangfaldet.

  2. Kva lærte du av å gjennomføre denne oppgåva?

  3. Korleis bidrog denne oppgåva til at du fekk kunnskap og forståing om artsmangfald?

  4. Kva betyding har det for barn og unge å ha kunnskap om artsmangfald for å ta vare på naturen?

  5. Korleis kan du jobbe for å bidra til at barn og unge tek miljømedvitne val?


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga