Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg, gjennomfør og evaluer ein bytedag

Ein bytedag av klede, leiker, sportsutstyr og liknande er eit flott bidrag til å fremje gjenbruk og motverke bruk-og-kast-mentaliteten. I dag forbruker vi mykje meir enn det som er berekraftig for kloden. Gjenbruk er å ha ein berekraftig livsstil.
Mange par ski står plasserte opp til ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

I denne oppgåva skal de planleggje, gjennomføre og evaluere ein bytedag. De vel sjølv kor stor bytedagen skal vere, og kven det skal gjelde for. De kan til dømes planleggje for klassen dykkar, ein annan klasse, ein barnehage, ein SFO eller ein ungdomsklubb.

Steg 1. Når og kvar?

Finn eit tidspunkt for når de skal arrangere bytedagen, og finn ut kvar de skal halde til.

Steg 2. Kva skal bytast?

Bestem dykk for kva som skal bytast på bytedagen. Det kan vere klede, leiker, sportsutstyr som skøyter, ski, akebrett og syklar, spel, bøker og liknande. I tillegg er det lurt å setje eit avgrensa tal produkt som folk skal levere inn. Erfaring har vist at mellom fem og sju er eit fint tal, då sikrar de at de får greie produkt.

Steg 3. Invitasjon

Lag ein invitasjon som fortel når og kvar bytedagen skal vere. I tillegg må det stå tidsrom for når det folk vil byte, kan leverast inn, og kvar dei skal levere det. Hugs å planleggje i god tid, slik at folk får tid til å kome med det dei vil byte bort.

Steg 4. Førebuingar

Her er det viktig at de finn ut korleis rommet/romma skal sjå ut, slik at det blir lett for dei frammøtte å finne klede i riktig storleik, leiker eigna for ein bestemd alder eller sportsutstyr tilpassa storleik og alder. Lag gjerne ein illustrasjon av lokala, og diskuter korleis de skal innreie slik at det blir praktisk best.

Steg 5. Korleis gjennomføre dagen?

Kven skal ha ansvar for kva område i rommet? Skal de servere noko? Korleis skal de unngå trengsel? Kva viss nokon vil ha den same tingen? Diskuter eventuelle problem som kan oppstå.

Steg 6. Opprydding

Det blir alltid liggjande noko igjen. Kva skal de gjere med det? Sjekk ut i lokalmiljøet kven som kan ha glede av det som ikkje blir bytt bort, til dømes Røde Kors, ein utlånssentral, asylmottak eller andre aktuelle organisasjonar.

Viss de blir sitjande igjen med klede, er Fretex eller UFF eit godt alternativ.

Sportsutstyr kan de eventuelt gi til idrettslag, eller de kan kontakte kommunen og finne ut om dei har eit lager der barn og unge kan låne utstyr. Over heile landet finst det utstyrsordningar der du kan låne gratis utstyr til sport og friluftsliv. BUA, Skattkammer, Frigo, Turbo eller Frilager er organisasjonar som låner ut utstyr. Kanskje dei er interesserte i å overta utstyret de har til overs?

Eventuelt kan de leggje ut produkta for sal til inntekt for eit godt føremål eller gi det bort på ulike marknadsplassar på nettet.

Steg 7. Evaluering

Evaluer bytedagen ved å stille dykk følgjande spørsmål:

  • Kva gjekk bra, kvifor?

  • Kva gjekk ikkje så bra, kvifor?

  • Kva kan de gjere annleis neste gong?

  • Kva har ein bytedag å seie for miljøet?

  • Kva har ein bytedag å seie for haldningane våre?


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2021

Læringsressursar

Miljømedvitne val i yrkesutøvinga