Heilskap, harmoni og dynamikk
Einskap inneber at vi opplever komposisjonen som ein heilskap. Vi kan til dømes oppnå heilskap ved å gjenta ei form eller ein farge regelmessig eller uregelmessig, nesten som i musikk.
Gode designprodukt har eit heilskapleg formuttrykk. Du formidlar noko i produkta eller arbeida dine. Nokre gonger ønskjer oppdragsgivaren eit leikent uttrykk i reklamen sin. Andre gonger ønskjer oppdragsgivaren ein meir klassisk og stilrein reklame til produktet sitt.
Dersom du vil lage noko som uttrykkjer glede, bruker du gjerne sterke og lyse fargar. Tilfører du fargar som skil seg ut ved at dei er dystre og triste, blir denne heilskapen broten ned.
Harmoni og dynamikk er motsette prinsipp. Dynamikk handlar om rørsle og kraft. Harmoni står for ro, balanse og samklang.