Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å måle med saks

Kollasj er eit bilete som er sett saman av mindre utklipp og materialbitar. Finn fram saks og kulørt papir. Ha ei leiken tilnærming og eksperimenter med ulike komposisjonsprinsipp. Når du har funne eit uttrykk du liker, limer du delane saman. Lag gjerne ei utstilling saman med klassen din.
Abstrakt kollasj laga av farga papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr:

  • teikneark og papp

  • farga papir, gjerne frå vekeblad og magasin

  • saks og lim

Del 1: Inspirasjon

Kollasj eller collage er ei uttrykksform som går ut på å setje saman bitar. La deg inspirere av korleis Matisse jobba med farga papir.

Du kan lære meir om Matisse og korleis han uttrykte seg gjennom kollasjar, ved å sjå ein engelsk video: Henri Matisse + The Cut Outs på Vimeo (2 minutt).

Del 2: Utforsking

Abstrakt komposisjon i ein kollasj. Foto.
  1. Vel eitt eller fleire komposisjonsprinsipp du vil utforske nærare. Det kan til dømes vere:

    • symmetrisk balanse

    • asymmetrisk balanse

    • kontrast

    • rytme

  2. Klipp ulike former i ulike fargar og sett dei saman slik at du får prøvd ut effekten av komposisjonsprinsippet du har valt.

  3. Ta bilete av utprøvingane dine.


Komposisjon laga av farga papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Gjennomføring

  1. Vel ei utprøving du vil jobbe vidare med.

  2. Hald fram med å eksperimentere med korleis uttrykket endrar seg når du flyttar på og legg til nye bitar.

  3. Når du har funne eit uttrykk du er fornøgd med, monterer du delane til eit bilete. Sett på passepartout, finn ein passande tittel og signer biletet ditt.

  4. La klassen lage ei utstilling av dei ferdige bileta.

Del 4: Vurdering

Skriv ein kort presentasjon av kva komposisjonsprinsipp du har valt. Korleis har du brukt dette i utprøvingane og i den ferdige kollasjen din? Vurder det estetiske uttrykket i biletet ditt.

Abstrakt kollasj i fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Du bruker komposisjonsprinsipp for å skape heilskap og det uttrykket kunden ønskjer.

Velkomen til gallerivandring! Lær om visuell kommunikasjon og biletkomposisjon gjennom oppleving. Lytt til skildringane mens du studerer bileta.


CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Komposisjon