Rytme
I musikk dannar takt og melodi ein rytme fordi tonar, strofer og vers blir gjentekne. Akkurat som du høyrer ein rytme i musikk, kan du sjå rytme i komposisjonar. Du skaper rytme ved å gjenta eller gruppere linjer, former og fargar. Det handlar om inndeling som anten er jamn og symmetrisk eller uregelmessig og asymmetrisk.
Jamn og symmetrisk rytme
Du kan skape regelmessig rytme ved å gjenta former, linjer eller grupperingar med lik avstand mellom dei. Du kan gjenta formelement i eit bestemt mønster, anten som ein bord eller som eit større flatemønster.
Uregelmessig rytme
Rytmen kan vere uregelmessig, med ulik avstand mellom elementa. I ein ujamn rytme grupperer du gjerne elementa slik at det likevel blir ei viss ro eller harmoni.
Vi bruker rytme og gjentek element for å skape heilskap i produkt eller arbeidet vårt. Viss vi skal lage ein brosjyre, kan vi til dømes bruke fargar og fontar både på framsida og baksida for å skape heilskap.
Einskap bidreg til at blikket får bestemde haldepunkt og lettare gjer seg kjent. Likevel ønskjer vi heller ikkje at rytmen skal verke taktfast og føreseieleg. Det blir fort kjedeleg.
Framheving og variasjon engasjerer oss, gjer oss interesserte og sender blikket frå ein stad til ein annan i komposisjonen. Med for mange kontrastar kan rytmen bli såpass ukontrollert at mottakaren blir forvirra eller mistar konsentrasjonen.
Hugs
"Viss alt er framheva, er ingenting framheva."