Hopp til innhald

Eigenvurdering

Vurdering av din eigen designprosess

Å vurdere eige produkt er viktig i arbeidet med å kvalitetssikre og vidareutvikle arbeidsprosessar.
To keramikere ser på keramikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I denne oppgåva skal du reflektere over og gjere greie for dei vala du har gjort opp mot eit produkt som du har laga.

Prosess

Når ein vurderer produkt er det viktig å trekke fram fagord knytt til produktet. Dette kan vere ord som handlar om:

  • Form
  • Farge
  • Funksjon
  • Komposisjon
  • Balanse
  • Heilskap
  1. Finn fram eit produkt du har laga. Har du hatt ein større designprosess til produktet, bør du ta med denne i vurderingsarbeidet.
  2. Vurder fasane i designprosessen:

    • Idéutvikling

      • Kva har du gjort i denne fasen som var avgjerande for det ferdige produktet?
      • Er det noko i denne fasen du kunne gjort annleis?
    • Planlegging

      • Kva avgjerd tok du i planleggingsfasen som var avgjerande for det ferdige produktet?
      • Kunne du ha valt andre alternativ i denne fasen?
    • Gjennomføring

      • Kva gjorde du i gjennomføringsfasen som du er veldig nøgd med?
      • Kva ved produktet ditt kunne vore gjort annleis?
      • Korleis følgde du planen du hadde før gjennomføringsfasen?
      • Gjorde du endringar undervegs? I så fall kva for endringar?
    • Dokumentasjon

      • Korleis har du dokumentert prosessen frå start til slutt?
      • Kva nytte vil du seie dokumentasjonen har?
  3. Kvalitetssikring:

    • Kva kan du seie om kvaliteten til produktet ditt?
    • Er det noko du kunne ha endra i designprosessen som kunne ha vore med på å gjort produktet ditt betre?
    • Kva er dei sterke sidene til produktet ditt?

Innlevering

Ein tekst der punkta over er gjort greie for

Relatert innhald

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt eller ei teneste. I denne prosessen går vi gjennom ulike fasar.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Komposisjon