Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Komposisjonsøvingar

Komposisjon er å setje saman noko til ein heilskap. Kvar dag vel du klede som passar saman. Hos frisøren vel du ein frisyre som uttrykkjer noko. Som fagperson komponerer du for å skape eit uttrykk eller produkt. Bli kjent med ulike komposisjonsverkemiddel gjennom praktiske øvingar.
Biletkollasj som viser ulike former og fargar. På bildeta er ei kvinne med rosa hår, kakeformer, keramikk-krukker, ein mann som målar ein kvit vegg blå, skyskraparar og ulike installasjonar med sirklar og diverse teksturar. Kollasj av foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fokusord

Det er viktig å kunne nokre faglege ord og omgrep når du skal lære om komposisjon. Vidare vil du finne øvingar du kan gjere for å bli betre kjent med dei følgjande fokusorda:

  • geometrisk og organisk form

  • kontrastar

  • rytme

  • rørsle

  • balanse

  • symmetri og asymmetri

  • det gylne snitt

Geometrisk form

Sirkelforma treplate med geometrisk mønster skore ut. Foto.
  • konstruerte og nøyaktige former

  • sirkel, trekant, rektangel, firkant, pentagon og heksagon

  • blir teikna ved bruk av linjal og passar

Organiske former

  • frie former

  • uklart omriss

  • høyrer naturen til


Øving 1

  • Tema: arkitektur

  • Fotografer arkitektur eller interiør som viser geometriske former og linjer, i nærområdet ditt.

  • Fotografer arkitektur eller interiør som viser organiske former og linjer.

Kontrastar

Person i framgrunnen har holete dongeribukse på og står med beina frå kvarandre. I mellomrommet mellom beina ser ein ei jente i bakgrunnen. Ho står lent inntil ein murvegg og har på seg ei holete dongeribukse og caps. Foto.

Alle komposisjonar bør ha kontrastar for å skape liv og merksemd. Store ulikskapar skaper store kontrastar, liv og spenning. Små kontrastar gir eit rolegare uttrykk. Du kan jobbe med fleire ulike kontrastar. Nokre av desse er

  • fargekontrast

  • formkontrast

  • storleikskontrast

  • materialkontrast

Øving 2

  • Tema: arkitektur
  • Fotografer kontrastar i nærområdet ditt.
  • Ta nært utsnitt av motivet.

  • Finn minst eitt motiv med kontrastane storleik, form, farge, lys og material.

Rytme

Rytmar er gjentakingar av element. Rytme har med inndeling å gjere,
anten jamt og symmetrisk eller ujamt og asymmetrisk.

Designer målar med svart måling i stort format. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rørsle

Rørsle i ein komposisjon handlar om fart, retning, aktivitet og kraft. Rørsle i eit design skaper eit spennande og dynamisk uttrykk og er det motsette av ro og harmoni. linjer, bølgjer eller s-linjer skaper rørsle, spenning, djupn og dynamikk.

Ro

Retninga på linjene i eit bilete er med på å skape uttrykket. og linjer skaper ro. Vertikale linjer gir eit inntrykk av høgde, kraft og verdigheit. Geometriske former er konstruerte, rette og stabile. Slike former er meir statiske og vil skape meir ro. Pyramiden er ei geometrisk form som har eit lågt tyngdepunkt, og uttrykkjer harmoni, ro og stabilitet.

Øving 3

  • Tema: arkitektur

  • Gå på jakt og fotografer utsnitt med rytme, bevegelse og ro på skolen din, både ute og inne.

Komposisjon

Når vi skal plassere element i ein komposisjon, har vi ulike verkemiddel. Komposisjonsprinsipp vi kan bruke, er til dømes det gylne snitt eller tredelsregelen, symmetri eller asymmetri.

Det gylne snitt og tredelsregelen

Heisekran i solnedgang inndelt etter det gylne snitt. Fire linjer deler biletet i ni ruter (tre gonger tre). Punkta der linjene kryssar kvarandre, er markerte med sirklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gylne snitt er ei deling av ei linje eller flate som vi opplever som harmonisk. Komposisjonsprinsippet har vore brukt sidan antikken. Det skaper asymmetrisk balanse.

Tredelsregelen går ut på det same, men det er ein raskare og enklare metode. Dersom du tenkjer deg at du deler flata i produktet eller arbeidet ditt i tre delar horisontalt og vertikalt, vil du få eit rutenett med ni ruter. Du kan plassere eit blikkfang, eit hovudmotiv eller eit element langs linjene eller i eitt av dei fire punkta der linjene kryssar kvarandre.

Balanse

Ordet balanse betyr "likevekt", og vi søkjer som regel etter balanse i omgivnadene våre. Med balanse meiner vi fordelinga av dei enkelte elementa i ein komposisjon. Når du lagar eit produkt, er det viktig at vi ikkje opplever det som at det vippar mot den eine eller andre sida. Det kan vere symmetrisk balanse eller asymmetrisk balanse.

Asymmetrisk balanse

Asymmetrisk balanse er når det er ulik visuell vekt på objekta som balanserer kvarandre. Asymmetri skaper rørsle og spenning.

Asymmetrisk komposisjon av sirklar, med fleire sirklar på venstre side og ein på høgre side. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symmetrisk balanse

Symmetrisk balanse er når produktet er balansert med høvesvis like objekt på kvar side av ein tenkt akse. Symmetrisk balanse skaper harmoni, ei kjensle av noko klassisk og litt høgtideleg, men balansen verkar òg statisk eller stilleståande og kan opplevast som kjedeleg.

Øving 4

  • Fotografer arkitektur i nærområdet ditt. Bruk det gylne snitt i utsnitta dine.

  • Leit deretter etter asymmetri og symmetri i motiva du fotograferer.

Relatert innhald

Velkomen til gallerivandring! Lær om visuell kommunikasjon og biletkomposisjon gjennom oppleving. Lytt til skildringane mens du studerer bileta.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Komposisjon