Skogtypar
Vi har ulike typar skog i Noreg. Skogen blir delt inn i vegetasjonstypar eller skogtypar. Skogtypane er delte inn etter kva planter som typisk veks der. Desse kallar vi merkeplanter eller indikatorartar. Desse artane fortel oss kva skogtype det kan dreie seg om, samtidig som det seier noko om vekstforholda og evna marka har til å produsere trevirke (boniteten). Det veks mange ulike planteartar i dei ulike skogtypane. Plantene har gjerne heilt spesielle krav når det gjeld lys eller skugge, fukt, temperatur og jordsmonn.
I denne læringsressursen finn du fire interaktive oversikter over ulike vegetasjonstypar:
skog med høg bonitet
skog med middels bonitet
skog med låg bonitet
andre skogtypar
Skildring: Høgproduktiv skog med rask vekst og frodig botnvegetasjon med mange urter og staudar.
Skildring: Lågare produksjonsevne enn skog med høg bonitet. Skogen treng lengre tid på å oppnå moden hogstalder. Botnsjiktet blir gjerne dominert av mellom anna bærlyng og mosar.
Skildring: Lågproduktiv skog med lang omløpstid før skogen når hogstmoden alder. Botnvegetasjonen blir dominert av lav, lyng og bærlyng.
Skildring: Fuktig mark med skog.
Kvifor har vi så mange ulike skogtypar i Noreg?
I Noreg finst det truleg rundt 60 000 ulike artar, og 2/3 av desse er knytte til skog. Kva trur de er grunnen til at så stor del av artsmangfaldet finst i skogen?
Natur i Noreg
Den oversikta over vegetasjonstypane som er nytta på denne sida, er eit forenkla system. Namna som er nytta, er dei det er vanleg å nytte innan skogbruket i Noreg, og som du finn i mange lærebøker og publikasjonar.
Natur i Norge (NiN) er eit system for kartlegging av vegetasjonstypar. Her kan du lese meir om detaljert kartlegging av naturtypar i Noreg.
Relatert innhald
Det er viktig å talfeste det biologiske mangfaldet for å kunne studere mønster og overvake endringar.