Hopp til innhald

Fagstoff

Buskar og tre om vinteren

Dei aller fleste buskar og tre i Noreg mister blada om vinteren og går i dvale til heilt til våren. Men det er faktisk mogleg å artsbestemme dei om vinteren òg! Det er berre å sjå etter andre kjenneteikn enn dei vanlege knytte til blad, blomstrar og frukter.
Raude bær på kvist med taggete blad i vinterlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vintergrøne buskar og tre

Dei heimlege bartrea våre beheld nålene på gjennom vinteren. Lerk, eit innført og forvilla bartre, mister derimot alle nålene sine om vinteren. Vintergrøne buskar er det ikkje mange av i floraen vår, men vi har mellom anna artar som kristtorn, som veks naturleg i kyst- og fjordstrøk sør og sørvest i landet. I tillegg har vi nokre innførte og delvis forvilla prydbuskar, mellom anna dei fleste typar rhododendron og mahonie.

Dei aller fleste tre og buskar på våre breiddegrader mister altså blada sine om hausten. Dermed forsvinn òg eit av dei viktigaste kjenneteikna vi bruker til artsbestemming. Kjenneteikn knytte til blomstrar og frukter er heller ikkje til stades lenger. Men det er likevel mogleg å artsbestemme lauvfellande tre og buskar også om vinteren – du må berre sjå på andre kjenneteikn!

Læra om tre og buskar i vintertilstand blir kalla vinterdendrologi.

Greinstilling

Greinstilling, det vil seie korleis kvistar og greiner er plasserte i forhold til kvarandre, er eit lett synleg kjenneteikn. Dette er hovudskiljet:

  • Greiner som sit motsett, det vil seie to og to på same høgd mot kvarandre. (Er det fleire enn to på same høgd, kallar vi dei kransstilte.)
  • Greiner som er spreiddstilte, det vil seie at dei sit i lik høgd langs kvisten. Desse kan vere anten torada eller spiralstilte, det vil seie at dei sit i høvesvis to eller fleire vertikale rekkjer langs kvisten.

Knoppane på lauvtre finn ein vanlegvis over kvart bladfeste. Plasseringa deira på kvisten vil derfor vere lik plasseringa som blada har i sommarhalvåret. Det vil seie at ein busk eller eit tre som har motsette blad, også har motsette kvistar og knoppar.

Fire plantar med ulik plassering av blad på stengelen: motsett, kransstilt, torada og spiralstilt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Greinstilling

Døme på slekter eller artar

motsett

  • lønneslekta (Acer)
  • hestekastanjeslekta (Aesculus)
  • ask (Fraxinus excelsior)
  • hylleslekta (Sambucus)
  • kornellslekta (Cornus)
  • snøbær (Symphoricarpos albus)

kransstilt

  • apeskrekk (Araucaria araucana)

torada

  • bøk (Fagus sylvatica)
  • hassel (Corylus avellana)
  • lindeslekta (Tilia)
  • almeslekta (Ulmus)

spiralstilt

  • oreslekta (Alnus)
  • poppelslekta (Populus)
  • hegg (Prunus padus)
  • rogn (Sorbus aucuparia)
  • eikeslekta (Quercus)
  • hagtornslekta (Crataegus)

Knoppar

Ein knopp er eit anlegg for den vidare veksten for neste år og blir definert som eit såkalla «sterkt forkorta kvileskot». I tillegg til knoppstilling er fleire viktige kjenneteikn knytte til knoppane. Knoppane er verna av reduserte blad som blir kalla knoppskjel. Både fasongen til knoppane og fargen og talet på knoppskjel hjelper oss med arts- og slektsbestemming. Nokre artar har nakne knoppar, det vil seie at dei manglar knoppskjel. Dette gjeld til dømes trollhegg og den framande arten filtkrossved.

Nærbilete av knopp som ligg i handflata til ein person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alm har små, litt tilspissa og mørkebrune knoppar, mens bøk har lange, smale, spisse og lysebrune knoppar. Ask utmerker seg med iaugefallande svarte knoppar som også sit motsett på kvistane. Eik har avrunda knoppar der dei små knoppskjela er ordna i fem lengderekkjer.

Bladarr

Blad som blir felte om hausten, etterlèt seg gjerne eit bladarr, det vil seie eit merke etter bladfestet. Forma, storleiken og fargen på dette kan òg gi oss ein peikepinn på kva art vi har funne.

Vierslekta har berre eitt knoppskjel. Den andre slekta i same familie, altså poppel med mellom anna osp, har vinterknoppar med fleire knoppskjel. I poppelslekta finn vi òg nokre artar med svært klissete knoppskjel.

Stamme og kvistar

Fargen og utsjånaden på stamme og kvistar kan vere viktige kjenneteikn. Nokre buskar, som kornell, er raudlege, mens gyvel har grøne kvistar. Nokre tre har stamme med heilt spesiell bork. Til dømes er bøk lett å kjenne att på den grå borken, mens bjørka er kjend for den kvite borken sin.

Andre kjenneteikn

Tornar

Nokre buskar har tornar. Plasseringa, forma og storleiken på desse er viktige kjenneteikn.

Tornar finn vi mellom anna i

  • rosefamilien
    • hagtornslekta (Crataegus)
    • roseslekta (Rosa)
    • bjørnebærslekta (Rubus)
    • nokre artar i epleslekta (Malus)
    • nokre artar i kirsebærslekta (Prunus)
  • berberisslekta (Berberis) i berberisfamilien
  • stikkelsbær (Ribes uva-crispa)
  • geitved (Rhamnus cathartica)
  • tindved (Hippophae rhamnoides)

Tornar får namn etter kva opphav dei har: Berberis har bladtornar, roser og bjørnebær har borktornar, og hagtorn og slåpetorn har greintornar.

Raklar

Isdekte raklar hos hassel. Foto.

Nokre artar har òg andre kjenneteikn gjennom vinteren. Til dømes har rakletrea i bjørkefamilien danna hannraklane (og hos nokre òg horaklane) allereie om hausten, og desse sit på gjennom vinteren.


Oppgåver

  1. Kva kan vere grunnen til at vi har så få vintergrøne tre og buskar i floraen vår?
  2. Mister dei vintergrøne buskane/trea aldri blada sine?
  3. Nokre gonger snakkar vi om ein forskjell på vintergrøne og eviggrøne buskar/tre. Kva trur du ligg i desse omgrepa?
  4. Kva slags funksjon trur du knoppskjela har?
  5. Sjå på biletet av alm (Ulmus glabra). Bladarret viser tre prikkar eller punkt som er nokså vanlege på slike bladarr. Kva trur du dette kan vere?
  6. Hos artar i slekta Clematis blir bladskafta sitjande på kvisten som varige klatreorgan, og hos Berberis blir blada til varige tornar.
    1. Trur du vi finn bladarr hos desse? Forklar.
    2. Kva funksjon trur du tornar kan ha?
  7. Kvifor trur du hannraklane hos tre som bjørk, or og hassel blir danna allereie om hausten?
  8. Kvifor trur du snøbær har fruktene på så lenge utover vinteren? Kva kan dette bety for moglegheita arten har til å spreie seg?
  9. Kristtorn og mahonie har same artsnamn (artsepitet): aquifolium.

    1. Kva betyr dette vitskaplege namnet?
    2. Finn du nokre likskapstrekk mellom desse to artane?

Relatert innhald

Kjelder

Lid, J. & Lid, D.T. (2005). Norsk flora. 7. utgåve ved Reidar Elven. Samlaget.

Sandved, M., Andersson, J. & Batta, J. (2012). Vinterdendrologi – trær og busker om vinteren. Landbruksforlaget.

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen