Hopp til innhald
Fagartikkel

Lauvtre

Lauvtre er viktige for kulturlandskapet og for mange viltartar. Dei feller blada om hausten, med unntak av kristtorn, som er eviggrøn.

Lauvskog utgjer omtrent 20 prosent av all skogen i Noreg. Vi har ulike typar lauvskog:

  • Edellauvskog med varmekjære artar finst i sør.
  • Bjørkeskogar med innslag av meir hardføre artar som rogn, osp og selje er vanlege lenger nord.
  • Fjellbjørkeskogen veks i fjellet opp mot tregrensa.

Mange av lauvtreslaga vi har i Noreg, er rekna som pionerartar. Det vil seia at dei er tidleg ute med å etablera seg på stader der det for eksempel har vore hogst, skogbrann, ras, stormfelling, beiteområde eller dyrkamark som ikkje lenger er i bruk. Felles for mange av pionerartane er at dei er lyskrevjande. Det vil seia at dei treng mykje lys for å kunna veksa. Nokre få artar toler meir skugge og kan veksa sjølv om andre, større tre skuggar for.

Særbu eller sambu

Nokre av lauvtreartane har hann- og hoblomster som sit på kvart sitt tre. Det kallar vi særbu. Når han- og hoblomstrane sit på same treet, kallar vi det sambu. Lauvtre formeirar seg på ulike måtar. Pollen vert spreidd med vind og insekt, men mange artar har også vegetativ formeiring ved hjelp av rotskot eller stubbeskot. Frøa, i form av bær eller frukt, vert spreidde av vind, fuglar eller andre dyr.

Undersøk

Kva typar lauvskog finst der du bur? Kva artar av tre veks der, og kva planter veks i skogbotnen?

Hugselappen

Omtrent 20 prosent av skogen i Noreg er lauvskog.

Pionerart – art som slår seg ned der det er få artar frå før.

Ulike typar lauvskog:

  • edellauvskog

  • bjørkeskog

  • fjellbjørkeskog

Særbu: han- og hoblomstrar på forskjellige tre

Sambu: han- og hoblomstrar på same treet

Vegetativ formering: rot- eller stubbeskot

Vegetativ = ukjønna

Relatert innhald