Hopp til innhald
Fagartikkel

Bartre

Bartre er tre eller buskar med nåleforma blad. Dei naturlege bartrea i Noreg er furu, gran, einer og barlind. Både gran og furu utgjer store skogar og er av stor økonomiske betydning. Skogane er også viktige levestader for mange dyr og andre planteartar.

Furu

Furua trivst i tørr og næringsfattig jord. Røtene stikk ikkje djupt. I skogbotnen veks ulike artar av lav, lyng og andre blomsterplanter. Kva artar som veks saman der, er avhengig av jordsmonn og klima, og det gjer at vi får ulike typar furuskog. I dei store furuskogane på Austlandet er skogbotnen dominert av reinlav.

Gran

Grana innvandra seint til Noreg, men har breidd seg nordover. Nord for Rana finst førebels berre spreidde førekomstar. Ho trivst i djup og fuktig jord. Granskogane har også ulik samansetjing av artar i skogbotnen. Vanlege artar i granskog kan vere blåbær og bregnar. Granskogen er gjerne tettare enn furuskogen, slik at mindre lys når ned til skogbotnen.

Nakenfrøa

Bartre er nakenfrøa. Hos nakenfrøa planter er ikkje frøet verna av fruktkjøtt. Hos bartrea er frøa i staden verna av kongleskjela.

Undersøk

  • Kva typar barskog finst der du bur?
  • Kva artar av tre veks der, og kva planter veks i skogbotnen?

Hugselappen

Bartre

  • har nåleforma blad
  • har kongler
  • er hardføre

Gran og furu har stor økonomisk betydning. Grana liker djup jord med god tilgang på fukt. Furua veks godt på tørr og næringsfattig jord. Bartre er vintergrøne, men lerka feller nålene om hausten. Bartre er nakenfrøa.