Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om skogtypar og bonitetar?

Kva bonitet har blåbærskog, og i kva skogtype finn vi gaukesyre? Test kunnskapane dine om skogtypar, bonitetar og artar med desse interaktive oppgåvene!

er eit uttrykk for produksjonsevna til skogen. Gode vekstforhold i skogen gir høg bonitet med hurtig vekst på trea og frodige skogbestand, mens dårlege vekstforhold gir låg bonitet med sein vekst og eit meir glissent skogbilete. Vi kan bestemme boniteten i eit skogbestand ved hjelp av høgda og alderen til trea, men vi kan òg seie noko om boniteten ved å sjå på kva som veks i skogbotnen. Då treng vi kunnskap om og skogtypar.

Før du gjer desse oppgåvene, er det lurt at du les artikkelen om skogtypar og set deg inn i dei ulike skogtypane og kva artar som er der.

Kva bonitet har desse skogtypane?

Dra bileta til rett bonitet. Tips: Viss du held peikaren i ro på biletet, får du opp namnet på skogtypen.

I kva bonitet veks desse artane?

Dra bileta til rett bonitet. Tips: Viss du held peikaren i ro på biletet, får du opp namnet på arten.

Kva indikatorartar veks i desse skogtypane?

Dra artane til rett skogtype.

Relatert innhald

Kva treslag og andre artar som finst i skogen, varierer med forholda på veksestaden. Bli kjend med ulike skogtypar i denne interaktive ressursen.


CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen