Bonitet – jordas produksjonsevne
Når vi skal nyplanta på eit område, treng vi å vita noko om kor mykje tømmer vi kan forventa at området produserer. Kor mange planter skal setjast ned, og kor lang tid tek det før skogen er hogdstmogen? Produksjonsevna til eit område kallar vi bonitet.
Ut frå boniteten bereknar vi både kor mange treplanter som skal setjast ned per dekar, og kor mange tre som skal takast ut ved tynning.
Skogbruket produserer tømmer. For å kunna planleggja produksjonen må vi gjere ulike berekningar. Denne presentasjonen viser korleis vi bereknar
- alderen på treet
- brysthøgdealderen
- høgda på eit tre
- boniteten
Når treet er felt, kan vi telja årringane på stubben eller stammen for å finna alderen på treet. For å finna alderen på eit tre som står på rot, må vi bruka andre metodar.
Hos yngre tre kan vi telja kvistkransane oppover stammen. Kvar kvistkrans representerer som regel eitt leveår.
Hos større og eldre tre bruker vi ein reiskap som vert kalla tilvekstbor.
Når vi skal berekne alderen på eit tre, gjer vi det i brysthøgde. Brysthøgde er definert til å vera 1,3 meter over bakken.
Med eit tilvekstbor tek vi ut ein tynn sylinder av trestammen som vi kan telja årringar på. Når vi har talt årringane, kan vi berekna brysthøgdealderen.
Når vi veit brysthøgdealderen, kan vi berekna boniteten i eit bestand.
Tilvekstboret består av to samansette røyr, der de eine delen har gjengar for å kunna bora seg inn i treet. Inne i dette røyret er det ei tynn «jerntunge» som vi kan trekkja ut boreprøva med. Slik gjer du det:
- Ta ut jerntunga og bor inn i treet i brysthøgde. Sikt så du kjem så nært mergen som mogleg.
- Stikk jerntunga inn i boret.
- Vri boret nokre omdreiingar tilbake, slik at den opne delen av jerntunga vender oppover. Ho skal liggja som ein U.
- Dra forsiktig ut boreprøva. Heile borekjernen skal følgja med.
- Tel årringane på borekjernen inn til mergen og legg til ti år, som er treets tilvekst opp til brysthøgde. Då har du den totale alderen på treet.
Når vi har funne alderen på treet, må vi finna overhøgda. Overhøgda er gjennomsnittshøgda for dei 100 grovaste trea på eit dekar.
Grovaste tre = trea med størst diameter
Eit dekar (da) =
Eit jordstykke som er
Å måla høgda på eit levande tre er ikkje så enkelt. Det er fleire måtar å gjera det på:
Du kan bruka ein høgdemålar, som vist på biletet til høgre. Med høgdemålaren siktar du mot ulike punkt på treet og kan lesa av høgda på ein skala.
Du kan bruka høgdemålarkjeppen. Dette er ein enkel metode, men han er meir unøyaktig.
Det finst også mobilappar som kan brukast til høgdemåling.
Boniteten i eit skogbestand seier noko om produksjonsevna. Di betre vekseforhold eit område har, di høgare er boniteten. Boniteten er påverka av både jordsmonn og klima.
For å berekna boniteten må vi ta utgangspunkt i tre som veks i bestandet. I eit område med høg bonitet er trea høgare ved ein gitt alder enn tre i eit område med låg bonitet. Når vi skal berekna boniteten, tek vi utgangspunkt i tre som er 40 meter i brysthøgde. Høgda på desse trea gir boniteten.
Trea på figuren er grantre som alle er 40 år i brysthøgde. Det minste treet er 8 meter høgt. I ein skog der tre med brysthøgdealder 40 år er 8 meter høye, er boniteten = G8.
Kor høg er boniteten dersom grantrea er 14 meter høge ved 40 års brysthøgdealder? Enn om dei er 20 meter?
Dette systemet for å berekna bonitet vert kalla
Dersom vi har tre i andre aldersgrupper, kan vi bruka denne bonitetskalkulatoren.
Hugselappen
Boniteten skildrar produksjonsevna til jorda.
Vi må vita høgda og alderen på bestandet for å finna boniteten.
Boniteten gir oss viktig informasjon når vi skal planleggja og utføra skogskjøtsel.
Relatert innhald
Ved hjelp av noen enkle metoder kan vi finne ut høyden og diameteren på trær og ut fra det beregne volum på enkelttrær og bestand.