Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er eit dekar?

Dekar er ei måleining som blir nytta mykje innan skog og landbruk og i andre samanhengar der vi skal gi opp storleiken på eit areal. I daglegtale blir ofte mål nytta for det same som dekar. Men kor stort er eigentleg eit dekar? Bli betre kjent med kva eit dekar er, gjennom desse oppgåvene.

Finn ut meir!

Det kan vere vanskeleg å sjå for seg kor stort eit dekar er. Her er eit par forslag til øvingar for å sjå i praksis kor stort det er. Øvingane blir gjorde ute. De treng måleband, kalkulator og eventuelt ein GPS.

Øving 1: Gjett kor stort eit dekar er!

Finn eit område med god plass. Prøv å gjett kor stort eit dekar er. Plassar ein elev i kvart hjørne på det arealet de trur utgjer ein firkant på eit dekar. Nokre andre elevar måler opp lengda på sidene av firkanten. Rekn ut arealet. Kor nære var de å tippe riktig? De kan dele inn klassen i lag og sjå kva lag som kjem nærast eit dekar.

Øving 2: Gjett storleiken på areal

Vel ut nokre areal ved skulen. Det kan til dømes vere ein parkeringsplass eller ein fotballbane eller noko anna med fasong som ein firkant. Tipp først kor stort arealet er i dekar. Så måler de opp og reknar ut arealet. Var det nokon som tippa riktig? Kven var nærast?

Øving 3: Mål opp areal med GPS

Viss de skal rekne ut arealet på område som ikkje er firkanta, kan ein GPS vere eit godt hjelpemiddel. På ein handhalden GPS finst det funksjon for oppmåling. Slå på denne. Ved å gå rundt ytterkanten av eit område vil de få opp kva arealet er. Tipp arealet før de måler. Kven tippa nærast? Regn om kvadratmeter til dekar ved å dele på 1000.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren