Hopp til innhald

Fagstoff

Hogstmaskiner

I gamle dagar vart tre felte, kvista og kappa for hand. Motorsaga gjorde arbeidet raskare og lettare. I dag er det moderne høgteknologiske hogstmaskiner som står for størstedelen av tømmerhogsten i Noreg.
Hogstmaskin som feller, kvister og kapper et tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Spor etter hogstmaskin over frodig skogsbunn. Foto.

Tømmerhogst har til alle tider vore eit fysisk krevjande yrke. Det er kanskje ikkje så rart at dei beste skiløparane som Noreg hadde fram til 1970, var skogsarbeidarar. Dei fekk dagleg trening gjennom arbeidet sitt i skogen.

Motorsaga var ei viktig oppfinning for å gjera tømmerhogsten lettare og raskare, men i dag er det moderne høgteknologiske hogstmaskiner som står for størstedelen av tømmerhogsten i Noreg. Hogstmaskiner er maskiner som både feller, kvistar og kappar treet, og gjer klart til utkøyring med ein lassberar.

Ulempa ved slike tunge arbeidsmaskiner er at dei kan setja djupe og varige spor etter seg i skogbotnen.

Datastyrt arbeidsprosess

Ei hogstmaskin består av ei hovudmaskin på hjul. Maskina har kran, og i enden av krana er det eit aggregat som utfører arbeidsoperasjonane. Aggregatet er styrt av ei datamaskin. På bakgrunn av programmeringar som du som maskinførar gjer ved oppstart av arbeidet, i tillegg til målingar av lengde og diameter på stokken (treet) som aggregatet tek, hentar og omarbeider datamaskinen informasjonen og kappar deretter stokken i lengder som gir best mogleg økonomisk utbytte. Du overvakar arbeidet som førar av maskina. Dersom du oppdagar feil eller kvalitetsavvik på stokken, må du tvangsstyre kappelengda og kvaliteten på stokken.

Viktig med opplæring og trening

Skal du verta hogstmaskinførar, krev det god opplæring og mykje trening. Ein bruker simulatorar til grunntreninga, sidan dette er ein billigare og tryggare måte å opparbeida ferdigheiter på. Hogstmaskiner er kostbare og avanserte maskiner, og krava til effektivitet og ikkje minst kvalitet er strenge, så maskinene må ha dyktige førarar.

Sjå korleis hogstmaskinen er bygd opp og fungerer i praksis. (Youtube.com)

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren