Hopp til innhald

Fagstoff

Tynning av skog

Tynning er uttak av virke før bestandet er hogstmodent. Når skogen når hogstklasse III, skal han tynnast for første gong. Furuskog må tynnast oftare enn granskog.

Tynning for første gong

Vi tynnar for første gong når bestandet har kome i hogstklasse III. Då har trea vorte så store at det er lønnsamt å nytte dei til massevirke (slip), ved eller biovirke. Bestandet har lukka seg, og naturleg oppkvisting har begynt.

Ung granskog med kvister på bakken. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kronelengde

«Det er den grøne krona som produserer», heiter det. Det er her fotosyntesen skjer. Blir den grøne krona for lita, går tilveksten ned.

I teorien heiter det at den grøne kronelengda for furu må vere halve trehøgda for at ho skal vekse optimalt. For gran er talet to tredelar. Svært ofte har oppkvistinga kome lenger. Slik er det òg her. Men det er eit flott bestand!

Furubestand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krev lys og toler skugge

Treslaget har mykje å seie. Furu er eit lyskrevjande treslag, mens gran toler skugge. Blir det for lite lys, døyr baret på dei nedste greinene, og den grøne krona blir mindre. For best resultat er det derfor naudsynt med fleire tynningar i furuskog enn i granskog.

Furuskog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lauvskog

I nokre delar av landet er det fine bestand av edellauvskog av til dømes eik og ask. Slike treslag krev heilt spesiell skjøtsel for trea skal bli verdifulle.

Mange, smale bjørkestammer står tett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tynningsmåte

"Fri tynning" er den vanlegaste tynningsmåten i Noreg. Det vil seie at vi tynnar slik at dei beste trea er jamnast mogleg fordelte. Det betyr at tre med dårleg kvalitet skal ut – anten dei er store eller små. Det meste av tynninga i Noreg er no mekanisert.

Skog med furustammer. Det ligger hogstavfall på bakken. Bestandet er nylig tynnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Driftstekniske omsyn

Grana bør eigentleg berre tynnast om vinteren. Marka i eit granbestand har ofte dårleg bereevne, slik at det fort blir djupe køyrespor. Skadar på røter, ferske stubbar og sår på stammar er inngangsportar for ròtesoppar.

Kjørespor i tynning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stubbebehandling

Ved tynning av granskog på barmark kan vi redusere faren for ròte ved å behandle stubben under hogsten. Det er hogstmaskina som sprøyter stubben samtidig som treet blir felt. Stoffet som blir sprøytt på, er ikkje gift, men ei oppløysing som inneheld sporar av ein ufarleg sopp. Desse sporane hindrar at farlege ròtesoppar får fotfeste.

Ustabile bestand

Tynna bestand blir meir ustabile når det er vind og snø enn dei var før tynninga. Derfor er det ein regel som seier at vi ikkje bør tynne når trea har vorte 18 meter høge. Men her er det viktig å kjenne lokalklimaet. Ligg bestandet godt til, er det ingen fare å tynne – sjølv ikkje når trea er endå høgare. Generelt er stabiliteten betre etter få år, fordi røtene på kvart tre får større rom å vekse i.

Grantrær hvor stammen har knekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturminne

Ved tynningsdrift må vi ta omsyn til kulturminne. Tre som veks ved kulturminne, kan med fordel hoggast, fordi vindfall kan øydeleggje kulturminnet. Det har vorte vanleg å lage slike høge stubbar for å markera staden. Det skal ikkje vere hogstavfall i gropa, og du må ikkje køyre nærare enn fem meter.

Diskuter

Kjenner de til døme på kulturminne vi kan finne i skogen?

Fordypning i skog med hogstmaskiner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tynning i hogstklasse IV

Dette er eit typisk austnorsk produksjonsbestand av furu. Det er tynna tre gonger og er nå ca. 70 år. Tynning i hogstklasse IV gir som regel god netto til skogeigaren, fordi sortimentet blir betre betalt enn massevirke (slip).

Spor etter hogstmaskin mellom furutrær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kor mange tre?

For å finne ut om eit bestand bør tynnast, kan vi måle kor mange tre det er, og kor høge dei er. Det finst tabellar som viser kor mange tre det bør vere i eit bestand per dekar. Treslag, bonitet og driftstekniske omsyn er òg med på å avgjere om eit bestand bør tynnast.

Relatert innhald

Ved hjelp av noen enkle metoder kan vi finne ut høyden og diameteren på trær og ut fra det beregne volum på enkelttrær og bestand.

CC BY-SASkrive av Einar Holth Nilsen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren