Hopp til innhald

Fagstoff

Høgdemåling

For å planlegge langsiktig kan det være nyttig å skaffe seg en oversikt over ressursene i skogen. Ved hjelp av noen enkle metoder kan vi finne ut høyden og diameteren på trær og ut fra det beregne volum på enkelttrær og bestand.

Høgdemåling

Å driva med skogbruk inneber å planleggja langsiktig. Då kan det vera nyttig å skaffa seg ei oversikt over ressursane i skogen. Ved hjelp av nokre enkle metodar kan vi finna ut høgda og diameteren på tre og ut frå det berekna volumet på enkelttre og bestand. Vi skal også sjå på korleis vi kan finna alderen på ståande tre, og korleis vi enkelt kan berekna kor mange tre det er på eit dekar. Ved hjelp av desse opplysningane kan vi finna boniteten og hogstklassen.

Vi kan måla høgd på ulike måtar. Høgdemålarkjeppen gir oss eit raskt overslag, men det kan aldri verta heilt nøyaktig. Ønskjer vi meir nøyaktige målingar, kan vi bruka optiske eller laserbaserte høgdemålarar.

Suunto høgdemålar

Rettvinklet trekant A B C med sidene a, b og c. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ønskjer du ei meir nøyaktig måling, er Suunto høgdemålar eit mykje brukt instrument. Det er ein trigonometrisk høgdemålar med optisk avstandsmåling. Trigonometri kjenner du frå matematikken som forholdet mellom sidene i ein rettvinkla trekant. Det er dette prinsippet Suunto høgdemålar er basert på.

Høgdemålar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Suunto høgdemålar består av to avlesingsskalaer: ein for 15 meters avstand til treet og ein for 20 meter. Det vil seia at du må måla deg ut nøyaktig 15 eller 20 meter frå treet. Dette kan du enklast gjera ved hjelp av målband. Skal du bruka den optiske avstandsmålaren, må du plassera ein spesiell linjal med synlege avstandsmerke på treet som du les avstanden frå.

Vi tek utgangspunkt i skalaen til venstre for 20 meter. Då må du først måla deg 20 meter frå treet. Når du no ser inn i augelinsa til Suuntoen, ser du ein todelt skala (1:20 og 1:15) og ein strek i midten. Du skal no bruka skalaen på venstre side for 20 meter. Det er viktig at du har begge auga opne samtidig. På flat mark kan du lesa av høgda direkte. Det gjer du først ved å sikta mot toppen av treet. Når den horisontale streken i midten tangerer toppen på treet, kan du lesa av verdien. Deretter siktar du mot rota og les av talet du får der. Sjølv om denne verdien er negativ, skal du plussa han med den andre. Dei to verdiane du no får til saman, er lik høgda på treet.

Det lønner seg å øva på denne metoden når du står på nokolunde flat mark. Står du derimot høgare eller lågare enn det vi reknar som stubbeavskjer, må du korrigera med å lesa av mot stubbeavskjeret for så å leggja til eller trekkja frå avlesinga mot toppen.

Strekmann held ein høgdemålar og målar eit tre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk


Mål høgda på tre ved å bruka høgdemålarkjeppen, Suunto og høgdemålingsfuksjonen på appen frå iSkogen. Samanlikn resultata.

Hugselappen


Skaff deg oversikt over ressursane i skogen ved å
• finna høgd og diameter på tre
• berekna volum på tre
• berekna volum på bestand

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2018

Læringsressursar

Arbeidsoppgåvene til skogbrukaren