Kor mange planter treng du?
Kor mange planter vi skal ha per dekar, varierer og tek utgangspunkt i boniteten. Denne tabellen viser plantetal på ulike bonitetar:
Bonitet | Plantetal |
---|---|
G23 | 275 |
G20 | 240 |
G17 | 220 |
G14 | 180 |
G11 | 140 |
G8 | 90 |
Kjenne du omgrepa?
Kor mange planter treng du viss du skal plante ei hogstflate på 20 dekar og boniteten er G14? Bruk tabellen over. Kor mange kasser skal du då bestille?
Kor mange plantekasser må du bestille viss du skal plante på ei hogstflate som er 5,5 dekar og boniteten er G20?
Kor mykje vil det koste å kjøpe inn planter til hogstflatene du har rekna på? Kvar sel dei skogplanter der du bur? Ta kontakt med dei, undersøk prisen på skogplanter og rekn ut innkjøpskostnaden.
Kor mykje får den som plantar, betalt per plante? Undersøk satsane i området der du bur.
Kor mykje blir arbeidskostnaden per dekar for dei hogstflatene du rekna på i oppgåve 1 og 2?
Kva blir den totale kostnaden for å plante dei to hogstflatene? Legg saman prisen for innkjøp av planter og arbeidskostnader.