Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Måling av tømmer og skogChevronRight
  6. Bonitet – jordas produksjonsevneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bonitet – jordas produksjonsevne

Skogbruk er ei kommersiell næring der produksjonen må planleggjast. Sidan det tek lang tid frå eit tre vert planta og til det kan fellast, snakkar vi verkeleg om langtidsplanlegging.

Når vi skal nyplanta på eit område, treng vi å vita noko om kor mykje tømmer vi kan forventa at området produserer. Kor mange planter skal setjast ned, og kor lang tid tek det før skogen er hogdstmogen? Produksjonsevna til eit område kallar vi bonitet.

Ut frå boniteten bereknar vi både kor mange treplanter som skal setjast ned per dekar, og kor mange tre som skal takast ut ved tynning.

Bonitet

Boniteten i eit skogbestand seier noko om produksjonsevna. Di betre vekseforhold eit område har, di høgare er boniteten. Boniteten er påverka av både jordsmonn og klima.

For å berekna boniteten må vi ta utgangspunkt i tre som veks i bestandet. I eit område med høg bonitet er trea høgare ved ein gitt alder enn tre i eit område med låg bonitet.

I Noreg bruker vi eit boniteringssystem som vert kalla H40-systemet. Dette baserer seg på trehøgde ved 40 års brysthøgdealder. Dersom vi har tre i andre aldersgrupper, kan vi bruka denne bonitetskalkulatoren.

Test deg selv: Kva kan du om bonitet og måling av bonitet?

Læringsressursar

Måling av tømmer og skog

SubjectEmne

Fagstoff