Skogplanting
Når vi plantar skog, sørgjer vi for at ny skog etablerer seg raskt på hogstflata. Plantene vi set ut, er mellom eitt og to år gamle og kan derfor konkurrere godt med annan vegetasjon som kjem opp etter hogst.
Det blir forska og arbeidd for å produsere planter av best mogleg kvalitet og som har gen som gir mest mogleg tilvekst i skogen. På eigne frøplantasjar gjer ein kontrollerte kryssingar for å få det beste plantematerialet.
I presentasjonen under kan du lese om korleis skogplantene blir produserte. For at du skal gjere ein god jobb, er det viktig at du kjenner til korleis du skal behandle plantene.
I den neste presentasjonen finn du ei beskriving av korleis vi utfører jobben med planting av skog, og kva slags reiskap vi nyttar. Ein riktig utført plantejobb gjer at flest mogleg planter overlever og etablerer seg godt.
Markflekking blir nokre gonger utført før planting der det er tjukt humuslag.
Du kan lese meir om markflekking på denne sida om forynging av skog.
Plantetettleiken vil avhenge av boniteten. Jo høgare bonitet, jo høgare tal på planter bør setjast ut. Viss du skal plante, kan oppdragsgivar opplyse deg om ønskt plantetal du skal setje ut per dekar.
Ein tommelfingerregel er å gange bonitetstalet med 11 for gran og 14 for furu.
Døme med bonitet G20: 20 ⋅ 11 = 220. Det vil seie 220 granplanter per dekar.
Undersøkingar viser at ein del planter døyr etter planting. Ønske om mest mogleg tilvekst i skogen for å binde meir CO2 har òg ført til at rådet om tal på planter per dekar er auka.
Les meir om tilrådd plantetal i Innlandet på nettsidene til Statsforvaltaren.
Jo fleire planter som skal setjast ut per dekar, jo tettare skal plantene stå. Tabellen viser planteavstand ved ulike plantetal per dekar.
Plantetal per dekar | Planteavstand i meter |
---|---|
100 | 3,2 |
160 | 2,5 |
210 | 2,2 |
250 | 2 |
Døme: Viss det skal stå 250 planter per dekar etter planting, kor lang avstand skal du då ha mellom plantene?
Hugs at gode planteplassar er viktigare enn eksakt avstand.
Akkord eller timeløn?
Betaling for skogplanting kan gjerast på to måtar:
- akkord – den som plantar, får betalt per plante som blir sett ut
- timeløn – den som plantar, får betalt for kvar arbeidstime
Diskuter:
Kva er fordelane og ulempene ved dei to metodane?
Undersøk:
Kva er vanleg betaling for skogplanting i området der du bur?
Relatert innhald
I denne oppgåva lærer du å rekne ut kor mange planter du treng når du skal plante skog, og kva kostnadene blir.
Å foryngje skogen vil seie å etablere ny skog. Det er tre metodar for å foryngje skogen: naturleg forynging, planting av tre eller såing.