Kor mange planter treng du? - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kor mange planter treng du?

I denne oppgåva lærer du å berekne kor mange planter du treng når du skal plante skog.

Plantetal

Kor mange planter vi skal ha per dekar, varierer og tek utgangspunkt i boniteten. Denne tabellen viser plantetal på ulike bonitetar:

Bonitet

Plantetal

G23

275

G20

240

G17

220

G14

180

G11

140

G8

90

Oppgåve: Slik reknar du ut plantetal

Oppgåve 1

Kor mange planter treng du viss du skal plante ei hogstflate på 20 dekar og boniteten er G14? Bruk tabellen over. Kor mange kasser skal du då bestille?

Sjekk fasit her

På G14 treng du 180 planter per dekar. Hogstflata er på 20 dekar.

Du treng: 180 · 20 = 3600 planter.

Det er 500 planter i kvar kasse: 3600 : 500 = 7,2

Vi må runde opp til næraste heile tal. Vi treng 8 kasser med planter.

Oppgåve 2

Kor mange plantekasser må du bestille viss du skal plante på ei hogstflate som er 5,5 dekar og boniteten er G20?

Sjekk fasit her

På bonitet G20 treng du 240 planter per dekar. Arealet er 7,5 dekar.

Du treng: 240 · 7,5 = 1800 planter.

Det er 500 planter i kvar kasse: 1800 : 500 = 3,6

Vi rundar opp til næraste heile tal. Du treng 4 kasser med planter.

Oppgåve 3

Kor mykje vil det koste å kjøpe inn planter til hogstflatene du har rekna på? Kvar sel dei skogplanter der du bur? Ta kontakt med dei, undersøk prisen på skogplanter og rekn ut innkjøpskostnaden.

Oppgåve 4

Kor mykje får den som plantar, betalt per plante? Undersøk satsane i området der du bur.

Kor mykje blir arbeidskostnaden per dekar for dei hogstflatene du rekna på i oppgåve 1 og 2?

Oppgåve 5

Kva blir den totale kostnaden for å plante dei to hogstflatene? Legg saman prisen for innkjøp av planter og arbeidskostnader.

Skrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2020