Skogplanting - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skogplanting

Skogplanting er ei investering for framtida. Skogen du plantar i dag, skal hoggast om kanskje 70–100 år. Her lærer du om produksjon av skogplanter og korleis skogplanting blir utført.

Skogplanter

Når vi plantar skog, sørgjer vi for at ny skog etablerer seg raskt på hogstflata. Plantene vi set ut, er mellom eitt og to år gamle og kan derfor konkurrere godt med annan vegetasjon som kjem opp etter hogst.

Det blir forska og arbeidd for å produsere planter av best mogleg kvalitet og som har gen som gir mest mogleg tilvekst i skogen. På eigne frøplantasjar gjer ein kontrollerte kryssingar for å få det beste plantematerialet.

I presentasjonen under kan du lese om korleis skogplantene blir produserte. For at du skal gjere ein god jobb, er det viktig at du kjenner til korleis du skal behandle plantene.

Skogplanting

I den neste presentasjonen finn du ei beskriving av korleis vi utfører jobben med planting av skog, og kva slags reiskap vi nyttar. Ein riktig utført plantejobb gjer at flest mogleg planter overlever og etablerer seg godt.

blir nokre gonger utført før planting der det er tjukt .

Du kan lese meir om markflekking på denne sida om forynging av skog.

Plantetal

Plantetettleiken vil avhenge av boniteten. Jo høgare bonitet, jo høgare tal på planter bør setjast ut. Viss du skal plante, kan oppdragsgivar opplyse deg om ønskt plantetal du skal setje ut per dekar.

Ein tommelfingerregel er å gange bonitetstalet med 11 for gran og 14 for furu.

Døme med bonitet G20: 20 ⋅ 11 = 220. Det vil seie 220 granplanter per dekar.

Undersøkingar viser at ein del planter døyr etter planting. Ønske om mest mogleg tilvekst i skogen for å binde meir CO2 har òg ført til at rådet om tal på planter per dekar er auka.

Les meir om tilrådd plantetal i Innlandet på nettsidene til Statsforvaltaren.

Planteavstand

Jo fleire planter som skal setjast ut per dekar, jo tettare skal plantene stå. Tabellen viser planteavstand ved ulike plantetal per dekar.

Plantetal per dekar

Planteavstand i meter

100

3,2

160

2,5

210

2,2

250

2


Døme: Viss det skal stå 250 planter per dekar etter planting, kor lang avstand skal du då ha mellom plantene?

Hugs at gode planteplassar er viktigare enn eksakt avstand.

Slik reknar du ut planteavstand

Det skal setjast ut 250 planter per dekar. Kva blir då avstanden mellom kvar plante? Eitt dekar er 1000 m2.

Vi finn først ut kor mange kvadratmeter det blir per plante:

1000 m2/antall planter
1000 m2/ 250 = 4 m2

Det blir ei plante per 4 kvadratmeter. Viss vi tek kvadratrota av 4, får vi avstanden mellom kvar plante:

4 = 2

I dette tilfellet skal vi ha 2 meter mellom kvar plante.

Akkord eller timeløn?

Betaling for skogplanting kan gjerast på to måtar:

  • akkord – den som plantar, får betalt per plante som blir sett ut
  • timeløn – den som plantar, får betalt for kvar arbeidstime

Diskuter:
Kva er fordelane og ulempene ved dei to metodane?

Undersøk:
Kva er vanleg betaling for skogplanting i området der du bur?

Kva kan du om skogplanting? Test deg sjølv!


Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kor mange planter treng du?

I denne oppgåva lærer du å rekne ut kor mange planter du treng når du skal plante skog, og kva kostnadene blir.

Fagstoff
Forynging av skog

Å foryngje skogen vil seie å etablere ny skog. Det er tre metodar for å foryngje skogen: naturleg forynging, planting av tre eller såing.


Relatert innhald

Skrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021