Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Saltfisk og klippfisk

Her lærer du om saltfisk og klippfisk og korleis du reknar på utbyttet av produksjonsprosessen.
Fiskefiletar med salt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Saltfisk

Fisk som blir lagd til salting, blir først flekt ved at ca. 2/3 av den fremste og grovaste delen av ryggbeinet blir fjerna.

På YouTube kan du sjå ein film om flekking.

Fisken blir konservert ved at han blir bretta ut som ein stor trekant, og deretter blir fisk og salt stabla vekselvis. Det er ulike metodar for å salte fisk, til dømes tørrsalting og lakesalting. Lakesalting blir gjord i store kar, der det etter kvart blir danna saltlake.

Fisken ligg i saltlake i ca. 14 dagar, deretter blir fisken omsalta i tørre stablar med mindre salt mellom laga. Fisken blir ståande slik i 1–2 veker slik at laken renn av. Vi seier då at fisken har vorte saltmoden.

Fiskefileter som ligger i ei balje med saltlake. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klippfisk

Klippfisk er fetteren til saltfisken. Utgangspunktet for klippfisk er saltmoden fisk som blir tørka. I tidlegare tider føregjekk dette på svaberg og klipper, derav namnet klippfisk. No blir fisken lagd på tørkevogner og køyrd inn i store tørkerom/tunnelar. Der går fisken gjennom eit tørkeprogram tilpassa storleik og fiskeslag. Ved tørking fjernar vi vatnet. Tørrheitsgrad på klippfisk varierer frå rundt 54 til 30 prosent alt etter kva fisken skal brukast som. Etter at fisken er tørka, blir han sortert i ulike kvalitetar.

Utrekning av vekt – saltfisk og klippfisk

For å rekne ut rund vekt av saltfisk multipliserer vi først vekta av saltfisk med ein omrekningsfaktor for saltfisk på 1,70. Deretter blir dette multiplisert med omrekningsfaktoren for produktet utan hovud, 1,50. Den totale omrekningsfaktoren blir

1,70·1,50=2,55

Døme 1. Salta torsk

Kor mykje ferdig saltfisk får vi dersom vi har 25 tonn rund vekt av torsk?

Løysingsforslag

Vi bruker den totale omrekningsfaktoren og får

25 tonn2,55=10,5 tonn

Vi får 10,5 tonn ferdig saltfisk.

Døme 2. Salta torsk

Kor mykje rund vekt av torsk treng vi til 600 kg ferdig saltfisk?

Løysingsforslag

Vi bruker den totale omrekningsfaktoren og får

600 kg·2,55=1 530 kg

600 kg ferdig saltfisk svarer til 1 530 kg rund vekt av torsk.

Oppgåve

Vis at utbyttet er 39,2 prosent når vi lagar saltfisk av torsk.

Løysingsforslag

Utbytte er kor mange prosent vekta av det ferdige produktet er i forhold til rund vekt.

600 kg1 530 kg·100 %=39,2 %.

Alternativt kan vi finne dette direkte frå omrekningsfaktoren.

12,55·100 %=39,2 %

Vi kan òg uttrykkje dette som 39,2 prosent utbytte av levande vekt.

Regneoppgaver:

  1. Klippfisk har ein faktor på 2,43. Finn ut sløgd vekt og kor mange kg saltfisk og klippfisk du kan forvente å få på ein fangst på 2 643 kg rund vekt.
  2. Du har ein torskekvote på 39 480 kg sløgd vekt utan hovud. Kor mange kg saltfisk og klippfisk kan du få?
  3. Du har ein klippfisk på 3,65 kg. Rekn ut vekta i rund vekt og vekt som sløgd og hovudkappa.
  4. Biletet nedst på sida viser ein filet med klippfisk. Han veg 2243,7 gram. Fisken har saltutslag og ein tørrheitsgrad kalla ekstra lagertørr (36–38 prosent vassinnhald). Klippfiskfaktoren blir derfor vurdert til ein faktor på 2,86. Rekn ut vekta på fisken i levande rund vekt og sløgd vekt.
    Kva ville fisken ha vege som saltfisk?
  5. Vis at utbyttet av saltfisk frå sløgd hovukappa torsk er 58,7 prosent.
Klippfiskfilet som ligg på ei vekt. Vekta viser 2243,7 gram. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa