Hopp til innhald

Fagstoff

Fiskefartøy og utstyr om bord

Fiskefartøy er spesialiserte for ulike typar drift. Storleiken varierer frå båtar ned til åtte meter som driv kystfiske, til større havgåande fartøy på opptil 70 meter og meir. Utstyret om bord er ulikt for ulike driftsformer, og storleiken på mannskapet varierer frå éin til fleire titals personar.

Dekksmaskineri og utstyr

Med dekksmaskineri meiner vi tekniske hjelpemiddel som fartøyet har, og som vert brukt for å handtera reiskap og fangst. Her er nokre av dei viktigaste typane dekksmaskineri du finn på norske fiskebåtar.

Vinsj

Ein vinsj er ein motordriven trommel som vert brukt til å trekkja eller stramma tau, vaierar og kjetting. Vinsjar finst i mange storleikar og vert blant anna brukte til å hala bruk og ankerkjetting og til å stramma fortøyingar.

Kraftblokk eller notvinsj vert brukt til å hala notbruk om bord.

Større notfartøy har ein spesialisert vinsj som vert kalla triplex.

Kran

Kran om bord i båt vert for eksempel brukt til å løfta ein fylt trål om bord. Han vert også brukt til å flytta utstyr og til å løfta konteinarar med fangst i land. Fartøy som ikkje har kran om bord, er avhengige av at det er kran på kaia.

Spel med etterhalar

Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi bruker spel når vi drar garn eller line. Bak spelet kjem ein etterhalar, som også vert kalla hjelpemann.

Garnrenne, garngreiar og garnbinge

Garnrenna er eit bord som garnet med fangsten i vert lagt på. Her vert fangsten frigjort frå garnet. Deretter trekkjer ein garngreiar det tømte garnet bak til ein garnbinge. Garnet er då klart til å setjast på nytt.

Linesetjar, rekkerull, linespel og kveilar

På konvensjonelle linebåtar sørgjer ein linesetjar for at lina med krokar og agn går i sjøen. Lina vert trekt over rekkerullen når linespelet dreg ho opp. Mellom rekkerullen og linespelet sørgjer ein fiskestoppar for at fangsten vert teken av krokane. Til slutt sørgjer ein eigen kveilar for at lina vert lagd tilbake i stampen.

Setjeeining, linehalar, splittemaskin og krokmagasin – autolinebåten

Opne bilete i eit nytt vindauge

Setjeeininga hentar krokane frå eit magasin og køyrer dei inn i egnemaskina. Dei ferdig egna krokane går deretter i sjøen. Autolina vert også hala av eit linespel, over ein rekkerull og gjennom ein fiskestoppar. Her er det større dimensjonar og fleire krokar. Lina går deretter gjennom ei eining som fjernar snurr, og ei splittemaskin sørgjer for at krokane vert lagde rett i magasinet, klare for ny setjing.

Sløyelinje

Utstyret som vert brukt for å få fisken av reiskapen og til lagring, vert kalla sløyelinje. Det er her førstehandsbehandlinga skjer. Sløyelinja består av ei renne der fisken vert teken av reiskapen, eit kar for bløgging som er følgt av eit utblødingskar, ein benk for sløying der innvolane vert tekne ut og hovudet kappa av. Til slutt er det vaskekar med vippe før fisken vert lagd i lagringskar. Ei sløyelinje er bygd opp sånn at fleire personar samarbeider. Kvar person har sin plass og utfører sin arbeidsoperasjon.

Finn ut


Besøk ein fiskebåt. Finn ut kva utstyret om bord heiter. Ta bilete og noter korleis utstyret verkar. Lag ein biletserie som viser gangen i arbeidet ved setjing og haling av bruk.


Kva for lokale ord og uttrykk vert brukte om utstyret?

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa