Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fiskefilet

Fiskefilet er kjøtsidene skorne frå ryggbeinet ved parallelle snitt. I denne oppgåva ser vi på ulike filettypar og reknar på utbyttet av produksjonsprosessen.

Innleiing

Opne bilete i eit nytt vindauge

Fiskefilet er kjøtsidene skorne frå ryggbeinet ved parallelle snitt.

Kor mykje som blir skore vekk, varierer etter type filet. I Noreg har vi fire typar "standardfiltar". Filettypane kan vere med eller utan skinn, med eller utan tjukkfiskbein og med eller utan buklappar. Vi skal sjå nærare på filet type C, reinskoren filet, og filet type D, beinfri filet.

Ved god utnytting av sløgd og hovudkappa råstoff er omtrent halvparten skoren bort. Desse kutta kan fordele seg slik:

  • avskjer 23,3 prosent
  • øyrebein kutt 8 prosent
  • kutt ved reinskjering 8,5 prosent
  • skinn 6,5 prosent
  • svinn 3,6 prosent

Spørsmål

Kva er disse prosentane rekna av? (Kva er 100 prosent her?)

Svar

Dersom vi legg saman alle prosentane på det som blir skore bort, får vi 49,9 prosent. Sidan omtrent halvparten blir skoren bort, betyr det at prosentane er rekna av vekta av sløgd og hovudkappa fisk før noko meir er skore bort.

Avskjer og kutt blir i stor grad nytta som råstoff til fiskefarse eller dyrefôr. Ved skjering av filet er det viktig å ha fokus på utbytte. Jo meir som går til kutt og avskjer, jo lågare blir utbyttet, og bedrifta vi ha lågare inntening.

Oppgåve 1

a) Vekta av heilt skinn- og beinfri fiskefilet er om lag 40 prosent av sløgd og hovudkappa fisk. Kor mykje skinn- og beinfri filet kan vi få av ei torskekvote på 63 730 kg rund fisk? Frå teorisida om fiskekvotar har vi lært at vi mistar vekt tilsvarande ein vekstfaktor på 23 ved sløying og hovudkapping.

Tips 1

Rekn først ut kva vekta av sløgd og hovudkappa fisk er ved å bruke vekstfaktoren. Finn deretter vekstfaktoren når vekta av den ferdige fileten er 40 prosent av sløgd og hovudkappa fisk.

Tips 2

Når det er igjen 40 prosent, betyr det at 60 prosent er kappa bort. Finn vekstfaktoren ved ein reduksjon på 60 prosent.

Løysingsforslag

Det er mange måtar å rekne dette på. Vi byrjar med å rekne ut kor mykje sløgd og hovudkappa fisk vi har.

63 730 kg·23=42 487 kg

Så må vi finne vekstfaktoren ved nye 60 prosent vektreduksjon (sjå tips 2).

1-60100=1-0,6=0,4

Mengda ferdig filet blir

42 487 kg·0,4=16 995 kg

b) Forklar kvifor det ferdige produktet er 26,7 prosent av rund vekt.

Løysingsforslag

Alternativ 1

For å finne kor mange prosent 16 995 kg er av 63 730 kg set vi opp forholdet mellom dei og multipliserer med 100 for å få det i prosent.

For å finne 40 prosent av 42 486 kg sløgd fisk gjer vi slik:

16 995 kg63 730 kg·100 %=26,7 %

Alternativ 2

I utrekninga i a) multipliserte vi først med brøken 23. Vidare multipliserte vi med 0,4. Vi kunne òg multiplisert saman dei to faktorane først sidan rekkjefølgja på multiplikasjon ikkje speler nokon rolle. Då får vi

23·0,4=0,267

Ein vekstfaktor på 0,267 betyr at det er igjen 26,7 prosent av vekta.

c) Vis korleis du kan bruke den totale vekstfaktoren på 0,267 (sjå alternativ 2 i løysinga over) til å rekne deg frå vekta av ferdig filet tilbake til rund vekt.

Løysingsforslag

Vanlegvis når vi bruker vekstfaktoren, multipliserer vi med han. Når vi skal gå baklengs, må vi gjere det motsette, nemleg å dele med vekstfaktoren. Vi får

16 995 kg0,267=63 652 kg

På grunn av avrunding får vi ikkje heilt nøyaktig det talet vi starta med, som var 63 730 kg.

d) Kor mange prosent blir vekta totalt redusert med frå rund vekt til ferdig filet?

Løysingsforslag

Den enklaste måten å gjere det på er å bruke at vi veit at den ferdige fileten er 26,7 prosent av rund vekt. Resten er kappa bort og må derfor utgjere

100 %-26,7 %=73,3 %

e) I staden for å dele på vekstfaktoren slik vi gjer i oppgåve c), kan vi multiplisere med omrekningsfaktoren når vi skal rekne ut svaret. Kva blir omrekningsfaktoren her?

Løysingsforslag

Omrekningsfaktoren blir

10,267=3,75

Vi sjekkar at svaret er riktig:

16 995 kg·3,75=63 731 kg

Viktig resultat

Utrekninga i oppgåve e) gir oss at

Vekstfaktor·Omrekningsfaktor = 1

Oppgåve 2


a) Du har 600 kg C-filet. Kor mykje rund torsk svarer dette til når omrekningsfaktoren er 3,16?

Løysingsforslag

Dette svarer til

600 kg·3,16 = 1 896 kg

b) Kor mange prosent er utbyttet av denne fiskefileten når vi samanliknar med rund vekt?

Løysingsforslag

Vi kan finne svaret ved å rekne ut vekstfaktoren med regelen i ramma over.

13,16=0,316

Dette svarer til eit utbytte på 31,6 prosent.

Alternativt kan vi rekne ut kor mange prosent 600 kg er av 1 896 kg.

Oppgåve 3

Du skal skjere 600 kg torskefilet, filet type D, beinfri filet utan skinn og bein med filetfaktor (omrekningsfaktor) på 3,50.

a) Kor mykje rund vekt av torsk treng du?

Løysingsforslag

600 kg·3,50=2 100 kg

b) Kor mange kilo sløgd og hovudkappa torsk svarer dette til?

Løysingsforslag

Her kan vi velje om vi vil bruke at vekta blir redusert med ein vekstfaktor på 23 eller om vi vil dele på den tilsvarande omrekningsfaktoren, som er 1,5.

2 100 kg·23=1 400 kg


c) Kva er utbyttet av fileten samanlikna med rund vekt?

Løysingsforslag

Vekstfaktoren er

13,5=0,286

Utbyttet er då 28,6 prosent.


d) Kva er utbyttet av fileten samanlikna med sløgd og hovudkappa torsk?

Løysingsforslag

Her har vi ikkje ein omrekningsfaktor å gå ut frå. Då ser vi kor mange prosent vekta av fileten er i forhold til vekta av sløgd og hovudkappa fisk.

Utbyttet er

600 kg1 400 kg·100 % = 42,9 %


e) Båten du er på, har ei torskekvote på 42 486 kg sløgd og hovudkappa torsk. Dersom dette skal nyttast til D-filet, kor mange kilo filet kan du forvente at det blir? Rekn dette på to måtar: 1) ved å bruke at utbyttet er 28,6 prosent og 2) ved å bruke omrekningsfaktoren.

Løysingsforslag

Talet på kilo filet med dei to reknemetodane blir

1) 42 486 kg·28,6100=12 151 kg

2) 42 486 kg3,50=12 139 kg

f) Kvifor blir det ikkje heilt det same svaret med dei to reknemåtane over? Kva svar er mest korrekt?

Svar

Det blir ikkje same svaret fordi utbytteprosenten er eit avrunda tal. Derfor er òg utrekninga med omrekningsfaktoren mest nøyaktig, men i praksis har ikkje denne forskjellen så mykje å seie. Kor mange torskar er forskjellen mellom dei to svara?

 Fiskefiletar i kasse. Foto.

Oppgåve 4

I kassen på biletet er det 12,6 kg C-filet av torsk. Vi har følgjande omrekningsfaktorar:

  • filetfaktoren (omrekningsfaktoren mellom rund vekt og ferdig filet) er 3,2.
  • omrekningsfaktoren mellom rund vekt og sløgd og hovudkappa fisk er 1,5 for torsk.

a) Kva var opphaveleg rund vekt av fisken?

Løysingsforslag

Opphaveleg rund vekt var

12,6 kg·3,2=40,3 kg

b) Kva var vekta av sløgd og hovudkappa fisk før han vart filetert?

Løysingsforslag

Vekta av sløgd og hovudkappa fisk var

40,3 kg1,5=26,9 kg

c) Forklar korleis du kan rekne ut svaret i b) utan å bruke talet 40,3 for rund vekt.

Løysingsforslag

Vi kan ta utgangspunkt i vekta av fileten og først bruke filetfaktoren på 3,2 slik vi brukte i oppgåve a) og deretter den andre omrekningsfaktoren slik vi gjorde i oppgåve b):

12,6 kg·3,21,5=26,9 kg

d) Kva er filetutbyttet i forhold til rund vekt og i forhold til sløgd og hovudkappa fisk?

Løysingsforslag

Her kan vi velje å bruke at vekstfaktoren er det motsette av omrekningsfaktoren som i oppgåve 3 c). Alternativt kan vi berre rekne ut kor mange prosent filetvekta er av rund vekt og av vekta av sløgd og hovudkappa fisk. Vi vel det siste.

Filetutbyttet i forhold til rund vekt er

12,6 kg40,3 kg·100 %=31,3 %

Filetutbyttet i forhold til sløgd og hovudkappa fisk er

12,6 kg26,9 kg·100 %=46,9 %

NB! I desse utrekningane har vi brukt alle desimalane på rund vekt og på vekta av sløgd og hovudkappa fisk (men vi har ikkje skrive dei opp i reknestykket). Dersom du skriv det siste reknestykket rett inn på ein kalkulator slik det står, vil svaret bli 46,8, som er litt upresist.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i fiskerinæringa