Fiskereiskapane
Dei aktive reiskapane oppsøkjer fisken. Not og trål er døme på aktive reiskapar. Før vi set reiskapen i sjøen, nyttar vi fiskeleitingsutstyr for å finne ut kvar det er fisk.
Passive fiskereiskapar står i ro i sjøen og ventar på at fisken skal kome til reiskapen. Garn er ein slik reiskap. Somme passive reiskapar, som line og teine, nyttar agn for å lokke fisken. Når fisken kjem til reiskapen, set fisken seg fast eller hamnar i eit bur han ikkje kjem seg ut av.
Vi menneske har utvikla mange ulike måtar å fange bytte på. Vi kan kalle desse måtane for fangstprinsipp, og dei ulike fiskereiskapane fungerer forskjellig.
- Lokkeprinsippet inneber at noko lokkar og får fisken til å symje til reiskapen. Dette skjer når vi nyttar agn, slik vi gjer når vi fiskar med line og teiner. Fisken luktar seg fram til agnet.
- Sileprinsippet vil seie at vi siler vekk vatnet slik at fisk og dyr som vi jaktar på, blir fanga i silen. Dyr og fisk som er mindre enn det vi ønskjer å fange, slepp igjennom. Trål er ein reiskap som fungerer etter sileprinsippet.
- Innestengingsprinsippet betyr at reiskapen blir plassert slik at fisk eller dyr blir stengde inne. Dette skjer når vi fiskar med not. Då leitar vi opp fiskestimen og dreg nota rundt han slik at han blir stengd inne.
- Felleprinsippet gjeld for reiskapar som kilenot, teiner og ruser. Her kjem fisken eller dyret seg inn i reiskapen sjølv, men reiskapen er utforma slik at fisken eller dyret ikkje kjem seg ut att.
- Snareprinsippet inneber at fisken ikkje ser reiskapen og dermed blir sitjande fast i det. Dette skjer når vi fiskar med garn.
Somme reiskapar kombinerer fleire prinsipp. Når vi fiskar med teiner, nyttar vi agn. Det vil seie at vi lokkar, og teina er samtidig utforma som ei felle.
Fiskereiskapar som står i sjøen, skal vere merkte. I begge endane av ei line eller ei garnlenkje er det flagg og blåser, og også teiner, ruser og kilenøter skal vere merkte. Dette gjer det mogleg for andre fiskarar og sjøfarande å sjå kvar det står reiskapar.
Reiskapen skal vere merkt med namnet og registreringsmerket til fartøyet. Det er også vanleg å melde posisjonen til reiskapen inn til Kystvaktsentralen. Til gjengjeld kan vi då få digital informasjon til vårt eige navigasjonsutstyr, slik at vi får oversikt over båtar og reiskapar i eit bestemt område.
Fartøy som driv fiskeriaktivitet, skal også ha signal som viser aktiviteten.
- Trålaren skal ha to rundtlysande lanterner, grøn øvst og kvit under, eller ein tilsvarande signalfigur.
- Fartøy som fiskar med garn eller line, skal ha ei raud lanterne øvst og ei kvit under, eller tilsvarande signalfigur.
- Fartøy som set not, skal vise dette med to rundtlysande, oransje lanterner som blinkar. Dei skal blinke så lenge nota er i sjøen.
Det er skipperen som har ansvar for at fartøy og reiskapar er forskriftsmessig merkte.