Å finna fisken
Tidlegare bygde fiskarane på erfaring. Dei visste kvar det lønte seg å fiska fordi dei hadde kunnskap frå tidlegare, og denne kunnskapen vart overlevert frå generasjon til generasjon. I dag har vi effektive hjelpemiddel om bord som gir oss høve til å sjå kvar det er fisk.
Kvar fisken er, er ikkje tilfeldig. Skreien vi fiskar under vinterfisket, kjem inn til kysten for å gyta på ei bestemt tid av året. Dette skjer fordi oppvekstvilkåra for yngelen er gunstig der og då. Andre artar fangstar vi på når dei er på næringsvandring.
Kunnskap om kvar fisken vandrar, og når han gjer det, er resultat av forsking. Som fiskerinasjon har vi eit solid forskingsmiljø som har kartlagt biologien til dei ulike artane, og som gir oss grunnlag for berekraftig forvaltning gjennom fastsetjing av kvotar.
Ekkoloddet sender lydsignal mot havbotnen. På denne måten kan vi finna ut kor djupt det er, for havbotnen reflekterer lydbølgjene slik at dei kjem tilbake til ekkoloddet og vert registrerte der. Tida det tek før signalet kjem tilbake, er proporsjonal med djupna.
Dersom det kjem andre objekt mellom ekkoloddet og havbotnen, for eksempel ein fiskestim, vil også dei reflektera lydbølgjene. Dette vert synleg på skjermen som ein farga strek.
Ekkoloddet vart oppfunne i byrjinga av 1900-talet. Ekkoloddet vart vanleg i fiskefartøy i 1950-åra. Dette var eit stort framsteg for fisket med trål og not. No kunne dei lokalisera fisken meir nøyaktig før dei let bruket gå i sjøen.
Ekkoloddet har også vore til stor nytte i arbeidet med å kartleggja djupnene i havet og dermed laga meir nøyaktige sjøkart.
Sonar er ei samlenemning på instrument som bruker lyd for å oppdaga objekt. Ekkoloddet er ein sonar som er retta nedover, medan andre sonarar kan rettast i ulike retningar. I tillegg til å finna fisk vert dei brukte for å oppdage landformasjonar, undervassfartøy og til mange ulike føremål.
Hugselappen
Moderne fiskefartøy har spesialisert utstyr for å finna ut kvar fisken er. Dette sikrar meir presise kast med not og trål.
Ekkoloddet vert brukt til å finna ut kvar fisken står.
Ekkoloddet vert også brukt til å måla havdjupna.
Ekkoloddet sender ut lydbølgjer som vert reflekterte.
Ekkoloddet er ein sonar som er retta nedover.