Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Gassar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Nedre og øvre eksplosjonsgrense

For å ta fyr eller eksplodere treng dei aller fleste gassane tilgang til oksygen. Tenngrad er avhengig av kor stor konsentrasjon av gass og oksygen ei blanding har, og er ulikt frå gass til gass.

Kva er LEL og UEL?

Du har kanskje opplevd at det kan vere vanskeleg å tenne på ein gassbrennar eller ein skjerebrennar? I slike tilfelle har du kanskje måtta justere på ventilane for acetylen og oksygen for å få ein flamme. Det du då har gjort i praksis, er å skape ei gassblanding som er brennbar, altså at det er rett forhold mellom brennbar gass og oksygen til at blandinga kan brenne. Du har altså blanda gassane slik at konsentrasjon av brennbar gass er innanfor LEL og UEL, nedre og øvre eksplosjonsgrense. LEL og UEL saman definerer eit intervall av konsentrasjonar der ein brennbar gass eller damp i luft kan ta fyr. Dette området blir kalla eksplosjonsområdet.

LEL

LEL står for "Lower Explosive Limit," eller på norsk: nedre eksplosjonsgrense. Dette er den lågaste konsentrasjonen av ein brennbar gass eller damp i luft som kan ta fyr og forårsake ein eksplosjon eller brann ved kontakt med ei tennkjelde. Gassar som er under LEL-konsentrasjonen, er for "tynne" til å ta fyr.

Til dømes har metan ein LEL på 5 prosent i luft. Det betyr at viss konsentrasjonen av metan i lufta er under 5 prosent, er det ikkje nok metan til å skape ein brann.

UEL

Det er òg viktig å vere klar over UEL, som står for "Upper Explosive Limit", eller på norsk: øvre eksplosjonsgrense. Dette er den høgaste konsentrasjonen av ein brennbar gass eller damp i luft som kan ta fyr. Gassar som er over UEL-konsentrasjonen, er for "rike" til å ta fyr, altså har ikkje gassen tilgang til nok oksygen til å brenne.

Rik blanding betyr at det er for mykje av den omtalte gassen, mens tynn blanding betyr at det er for lite av den omtalte gassen.

Branntrekanten

For å skape ein flamme eller ein brann må følgande element vere til stades:

  • brensel (brennbart materiale)

  • oksygen

  • varme (høg nok temperatur, kan òg vere i form av ein gneiste eller flamme)

Viss ein gasskonsentrasjon er under LEL, er det ikkje nok gass (brensel) til stades til at blandinga kan ta fyr. Er gasskonsentrasjonen over UEL, er det ikkje nok oksygen til stades til at blandinga kan ta fyr.

Ver i slike tilfelle spesielt merksam på at viss det plutseleg blir tilført gass eller oksygen, kan blandinga plutseleg bli brennbar.

LEL og UEL for gassane

Her er ei oversikt over nokre av dei vanlegaste gassane brukte til industrielle formål, saman med den typiske nedre eksplosjonsgrensa (LEL) og øvre eksplosjonsgrensa (UEL):

LEL og UEL for gassane

Gass

LEL i %

UEL i %

metan (CH4)515
propan (C3H8)2,19,5
butan (C4H10)1,98,5
acetylen (C2H2)2,5100
hydrogen (H2)475
karbondioksid (CO2)ikkje brennbarikkje brennbar
oksygen (O2)ikkje brennbarikkje brennbar

Døme på farlege og ufarlege gassblandingar

Farleg

Ei blanding av propan og luft med ein konsentrasjon av 4 prosent propan ligg mellom LEL og UEL og kan ta fyr.

Ei blanding av acetylen og luft med ein konsentrasjon av 20 prosent acetylen ligg mellom LEL og UEL og kan ta fyr.

Ufarleg

Ei blanding av nitrogen og luft med lågt oksygeninnhald vil ikkje kunne ta fyr, då nitrogen ikkje er brennbart og ikkje har nokon definert LEL.

Ei blanding av acetylen og luft med ein konsentrasjon av 1,5 prosent acetylen vil ikkje kunne ta fyr, då konsentrasjonen av acetylen ligg under LEL.

Måling av LEL og UEL

Viss du har mistanke om at det kan vere gasskonsentrasjonar i området du skal jobbe i, er det viktig at du gjennomfører ei måling, slik at du ikkje nyttar varme, flamme eller skapar gneistar som kan føre til ein eksplosjon.

Det finst utstyr som er spesialbygd for å kjenne igjen brennbare konsentrasjonar av spesielle gassar, og universalapparat som kan kjenne igjen ulike gassar. Nokre av desse apparata kan òg festast på arbeidskleda, slik at de kontinuerleg måler omgivnadene du jobbar i.

Det er òg viktig å gjennomføre slike målingar viss du skal inn i eit rom eller ein tank, for å forsikre deg om at det er tilstrekkeleg med oksygen i lufta, slik at du kan puste.

Slike måleapparat må kalibrerast med spesielle gassar, der konsentrasjonen av dei ulike gassane er kjend.

Spørsmål

Svar på spørsmåla under som ein kontroll på at du har fått med deg det viktigaste.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.07.2024