Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Gassar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Nitrogen

Nitrogen er den gassen det finst mest av i lufta rundt oss. Kan nitrogen både som gass og i flytande form bli nytta til industrielle formål?

Kva er nitrogen?

Nitrogen er ein fargelaus, luktfri og smaklaus gass som utgjer omtrent 78 prosent av jordatmosfæren. Den kjemiske formelen er N2, og kvart nitrogenmolekyl består av to nitrogenatom bundne saman med ei sterk trippelbinding.

Denne bindinga gjer nitrogen svært stabilt og inert, noko som betyr at det ikkje reagerer lett med andre stoff under vanlege forhold. Desse eigenskapane gjer nitrogen til ein viktig gass i mange industrielle prosessar som krev ein inert atmosfære.

Bruksområde innan industri

Nitrogen har mange bruksområde i industrien på grunn av dei unike eigenskapane.

I matvareindustrien blir nitrogen brukt for å kunne pakke matvarer i ein inert atmosfære, noko som forlenger haldbarheita og hindrar oksidasjon. I kjemisk industri blir nitrogen brukt til å lage ammoniakk (NH3) gjennom Haber–Bosch-prosessen, som er grunnleggande for produksjon av gjødsel.

Flytande nitrogen, som har eit svært lågt kokepunkt på —196 °C, blir brukt for å fryse mat raskt, lagre biologiske prøvar og kryogen behandling av materiale.

Nitrogen blir òg brukt i elektronikkindustrien for å skape ein rein og tørr atmosfære under produksjon av halvleiarar og andre kjenslevare komponentar.

Innan mekanisk industri blir nitrogen nytta i varmebehandling av metall, spesielt i prosessar som nitrering og karbonitrering. Desse prosessane aukar overflatehardleiken og slitasjebestandigheita til metalla, noko som forbetrar ytinga og levetida til mekaniske delar. Nitrogen blir òg nytta til å krympe metall for å få tilstrekkeleg og passing ved mekanisk samanføying.

Nitrogen kan òg brukast som ein inert gass i ulike metalltilarbeidingsprosessar for å forhindre og kontaminasjon av metalloverflater under tilarbeiding. Dette er spesielt viktig i produksjonen av høgspesifikasjonskomponentar der reinleik og kvalitet er avgjerande.

Flytande nitrogen blir brukt i kryogenisk behandling (kraftig nedkjøling) av metall for å forbetre dei mekaniske eigenskapane deira, som seigleik og slitestyrke. Denne behandlinga blir ofte brukt på verktøy og maskindelar som er utsette for høg belastning og slitasje.

Innan sveising blir nitrogen nytta som ein vernande gass i sveiseprosessar, særleg ved sveising av rustfritt stål og andre spesialmetall. Gassen forhindrar oksidasjon og anna forureining av sveisesaumen, noko som resulterer i høgare kvalitet på sveisearbeidet.

Nitrogen blir òg brukt i pneumatiske system som ein alternativ trykkgass. At nitrogen er ein inert og tørr gass, gjer han eigna for bruk i system der det er viktig å unngå fukt og oksidasjon, sidan det kan skade komponentane.

Lagring

Lagring av nitrogen, spesielt i flytande form, krev spesielle tiltak på grunn av dei ekstremt låge temperaturane. Flytande nitrogen må oppbevarast i godt isolerte behaldarar for å forhindre rask fordamping. Ved handtering av flytande nitrogen er det nødvendig med personleg verneutstyr som isolerande hanskar og ansiktsvern for å unngå frostskadar.

Det er viktig å sikre at lagringsområda er godt ventilerte for å unngå oppbygging av nitrogen i lufta, noko som kan fortrenge oksygen og utgjere ein kvelingsfare.

Vi må inspisere oppbevaringstankar og behaldarar regelmessig for å sikre at dei er i god stand og utan lekkasjar.

Miljøutfordringar

Sjølv om nitrogen i seg sjølv er ein inert og ufarleg gass, er det knytt nokre miljøutfordringar til bruken av nitrogensamband. Nitrogenoksid (NOX), som blir danna ved forbrenning av fossile brensel, bidreg til luftforureining og danning av smog og dessutan sur nedbør som kan skade miljøet og bygningar.

For å redusere desse miljøutfordringane er det viktig med berekraftig bruk av nitrogenbaserte produkt og bruk av teknologiar som reduserer NOX-utslepp.

Sikkerheitsdatablad

Her kan du laste ned eit døme på eit sikkerheitsdatablad for nitrogen.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du analysere databladet for nitrogen og svare på spørsmål frå innhaldet.

Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i. Du finn døme på datablad på nettsidene til Linde.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 25.08.2023