Kjølemedium og klimagassar
Kva er kjølemedium?

Gassar brukte i klimaanlegg blir ofte kalla kjølemedium. Dette er spesielle typar gassar som blir brukte til å absorbere og frigi varme. Dette gjer det mogleg å regulere temperaturen i eit rom eller eit køyretøy.
Dei mest brukte kjølemedia inkluderer hydrofluorkarbon (HFK), som R-134a, R1234yf og R-410a (freon), og dessutan naturlege kjølemedium som ammoniakk (NH3) og karbondioksid (CO2). Desse gassane er brukte på grunn av evna deira til å effektivt overføre varme og på grunn av den kjemiske stabiliteten deira.
Bruksområde i industrien
Kjølemedium er essensielle i mange industrielle bruksområde, spesielt i kjøle- og klimaanlegg. Her er nokre døme. Kjølemedium er brukte
i klimaanlegg i bustader og kommersielle bygningar for å sikre behagelege temperaturar innandørs
i kjølesystem som er kritiske for oppbevaring av matvarer, medisinar og andre temperaturkjenslevare produkt
ved transport i kjølebilar og skip for å frakte ferskvarer over lange avstandar
i produksjonsprosessar i industriar som kjemisk industri og halvleiarproduksjon, der nøyaktig temperaturkontroll er nødvendig
Lagring
Kjølemedium blir vanlegvis lagra i spesialdesigna behaldarar under trykk for å sikre stabilitet og effektivitet. Her er nokre viktige punkt om lagring og oppbevaring:
Behaldarane må vere godt merkte og oppbevarast på ein kjølig, tørt og godt ventilert stad.
Unngå lekkasjar og oppbygging av trykk.
Behaldarane må handterast med varsemd under transport for å unngå uhell.
Følg strenge sikkerheitsrutinar for å minimere risikoen for utslepp.
Miljøutfordringar
Ei av dei største utfordringane med bruk av kjølemedium i klimaanlegg er miljøpåverkinga. Mange av gassane som blir brukte som kjølemedium, er klimagassar, noko som betyr at dei påverkar klimaet. Mange syntetiske kjølemedium, spesielt HFK-er, har høgt globalt oppvarmingspotensial (GWP). Dette betyr at dei kan bidra mykje til klimaendringar viss dei lek ut i atmosfæren. For å redusere denne påverkinga er det viktig å
avgrense bruken av HFK-ar gjennom reguleringar
fremme bruk av meir miljøvennlege alternativ, som naturlege kjølemedium
resirkulere og trygt avhende brukte kjølemedium
utvikle nye teknologiar og kjølemedium med lågare oppvarmingspotensial
Sikkerheitsdatablad
Her kan du laste ned døme på sikkerheitsdatablad for tre av desse gassane.
Oppgåve
I denne oppgåva skal du analysere datablada for gassane og svare på spørsmål frå innhaldet.
Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i. Du finn døme på datablad på nettsidene til Linde.