Hydrogen
Kva er hydrogen?

Hydrogen er det lettaste og vanlegaste grunnstoffet i universet, med den kjemiske formelen H2. Det er ein fargelaus, luktfri og svært brennbar gass. På grunn av den låge tettleiken stig hydrogen raskt i atmosfæren.
Hydrogen finst naturleg i vatn (H2O) og i organiske sambindingar, men det er sjeldan å finne hydrogen i rein form på jorda. Det er kjent for det høge energiinnhaldet sitt per vekteining, noko som gjer det til ein attraktiv energiberar.
Bruksområde innan industri
Hydrogen har mange bruksområde i industrien. Det er ein viktig komponent i produksjonen av ammoniakk (NH3), som blir brukte til å lage gjødsel. Hydrogen blir òg brukt i petroleumsraffinering for å fjerne svovel frå råolje, noko som bidreg til å produsere reinare brensel.
Eit av dei mest spennande bruksområda for hydrogen er innan energi. Hydrogen kan brukast som drivstoff i brenselceller for å generere elektrisitet. Brenselceller kan brukast i bilar, bussar, tog og til og med for å gi straum til bygningar.
Hydrogen er òg brukt i metalltilarbeiding og i kjemisk industri for å produsere ulike sambindingar.
Lagring
Lagring og transport av hydrogen krev spesielle tiltak. Hydrogen må lagrast anten ved høgt trykk eller i flytande form ved svært låge temperaturar. Dette krev spesielle tankar og sikkerheitsutstyr for å handtere det høge trykket og dei låge temperaturane.
Det er òg viktig å ha god ventilasjon i områda der hydrogen blir lagra, fordi det er så brennbart. Regelmessig inspeksjon og vedlikehald av lagringstankane og utstyret er nødvendig for å sikre trygg lagring og bruk.
Hydrogen kan òg lagrast i metallhydrid (kjemisk sambinding mellom hydrogen og metall) eller som flytande organiske hydrogenberarar (LOHC). Desse metodane er under utvikling og kan potensielt gjere lagring og transport av hydrogen enklare og tryggare i framtida.
Miljøutfordringar
Hydrogen har potensial til å vere ei miljøvennleg energikjelde, men det er nokre utfordringar knytte til det. Produksjonen av hydrogen er ofte avhengig av fossile brensel, som naturgass, noko som frigjer karbondioksid (CO2) i prosessen.
For å redusere miljøpåverkinga blir det forska på metodar for å produsere hydrogen ved hjelp av fornybare energikjelder som sol- og vindkraft.
Ei anna utfordring er lagring og transport av hydrogen. Fordi det har så låg tettleik, må hydrogen anten komprimerast til høgt trykk eller kjølast ned til flytande form for effektiv lagring og transport, noko som kan vere kostbart og krev spesialutstyr.
Sikkerheitsdatablad
Her kan du laste ned eit døme på eit sikkerheitsdatablad for hydrogen.
Oppgåve
I denne oppgåva skal du analysere databladet for gassen og svare på spørsmål frå innhaldet.
Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i. Du finn døme på datablad på nettsidene til Linde.