Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Gassar

Fagstoff
Interaktivt innhald

Trykkluft

Trykkluft er den lufta som omgir oss, komprimert, altså sett under trykk. Kvifor gjer vi dette?

Kva er trykkluft?

Trykkluft er vanleg luft som er komprimert til eit høgare trykk enn atmosfærisk trykk. Ho består hovudsakleg av nitrogen (cirka 78 prosent) og oksygen (cirka 21 prosent), med små mengder andre gassar.

Når luft blir komprimert, aukar energitettleiken, noko som gjer ho nyttig i for ulike typar industriell bruk.

Trykkluft er rein, sikker og lett tilgjengeleg, noko som gjer ho til ei føretrekt energikjelde i mange situasjonar.

Bestanddelane i lufta

Tørr og uforureina luft inneheld cirka

  • 78 % nitrogen

  • 21 % oksygen

  • 0,93 % argon

  • 0,04 % prosent karbondioksid

Dette blir til saman 99,97 prosent.

Dei andre 0,03 prosentane består i hovudsak av små delar av andre edelgassar, som helium, neon, krypton og xenon og kjemiske gassar som ozon, hydrogen, karbonmonoksid, metan og dinitrogenoksid (lystgass). Innhald av desse gassane blir vanlegvis ikkje gitt opp i prosent, men i .

Fukta i lufta vil òg påverke innhaldet av dei ulike gassane, for fuktig luft kan innehalde inntil 3 prosent vassdamp.

Bruksområde innan industri

Trykkluft blir brukt i ei rekke industrielle prosessar. Ho driv pneumatiske verktøy som bor, slipemaskiner og skiftenøklar, og ho blir brukt i automatiserte system for å kontrollere ventilar og aktuatorar.

Trykkluft blir òg brukt til reinsing og tørking, til dømes ved å blåse bort støv og avfall frå maskiner og komponentar. I produksjonslinjer er trykkluft viktig for emballasje og merking og i system for målingssprøyting.

Det er òg ein viktig del av kjølesystem, der trykkluft blir brukt til å drive kjølemaskiner, og i luftkondisjoneringssystem.

Lagring

Trykkluft blir lagra i trykktankar eller luftbehaldarar som er laga for å tole høgt trykk. Desse tankane må regelmessig blir inspiserte og bli haldne ved like for å sikre at dei er i god stand og trygge å bruke.

Luftkompressorar blir brukte til å fylle tankane med trykkluft. Det er viktig at trykkluftsystem har rett filtrering for å fjerne fukt, olje og andre forureiningar, noko som elles kan skade utstyr eller redusere effektiviteten.

Komprimert luft må òg behandlast for å unngå fryseproblem i kalde miljø, og korrekt oppbevaring sikrar stabil trykkforsyning til industrielle prosessar.

Miljøutfordringar

Sjølv om trykkluft i seg sjølv er ei rein og ikkje-forureinande energikjelde, er produksjonen av trykkluft energikrevjande og kan påverke miljøet. Luftkompressorar bruker ofte elektrisitet, og viss elektrisiteten blir generert frå fossile brensel, kan det føre til auka karbonutslepp.

Effektiviteten til trykkluftsystem er òg viktig for å redusere energiforbruket, og spesielt lekkasjar i systemet kan føre til stort energitap. For å minimere miljøpåverkinga er det viktig å bruke energieffektive kompressorar og å vedlikehalde systema regelmessig for å unngå lekkasjar og ineffektiv drift.

Sikkehetsdatablad

Her kan du laste ned eit døme på eit sikkerheitsdatablad for komprimert luft.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du analysere databladet for gassen og svare på spørsmål frå innhaldet.

Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i. Du finn døme på datablad på nettsidene til Linde.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 11.09.2024