Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

25. Arbeid under spenning (AUS)

Av og til må du jobbe på anlegg som er spenningssett. Det krev spesiell kompetanse og spesielle sikkerheitstiltak.

Arbeid under spenning

Arbeid på spenningssette anlegg, også kjent som arbeid under spenning (AUS), betyr høg risiko. Derfor er det strenge krav til både opplæring og gjennomføring. Dette arbeidet kan berre utførast av kvalifisert personell som har fått dokumentert tilleggsopplæring i tråd med dei sikkerheitskrava som gjeld.

Når arbeid på spenningssette delar er nødvendig, er det avgjerande å bruke anerkjende metodar for å minimere risikoen for elektrisk sjokk og andre farar.

Opplæring og dokumentasjon

For å kunne utføre arbeid under spenning må personellet ha dokumentert tilleggsopplæring. Elektrikarfagbrev åleine er ikkje nok for å jobbe på spenningssette anlegg.

Tilleggsopplæringa bør vere tilpassa den spesifikke arbeidsmetoden som skal brukast. Ho må også vere dokumentert. Det betyr at arbeidstakarane må ha fått opplæring som viser at dei kan handtere risikoane ved dette arbeidet på ein sikker måte.

Arbeidsmetode og prosedyre

Arbeidet skal utførast i samsvar med anerkjende arbeidsmetodar. Det skal alltid utarbeidast ein plan og ein prosedyre for kvart enkelt arbeidsoppdrag. Planen skal ta utgangspunkt i den valde arbeidsmetoden og sørge for at sikkerheitstiltaka er på plass før arbeidet begynner.

Ei grundig risikovurdering skal gjennomførast som ein del av planlegginga. Det må òg vurderast kva slags verktøy og verneutstyr opppgåva krev.

Refleksjonsspørsmål

  • Kva er forskjellen på arbeid på spenningslause anlegg og arbeid under spenning (AUS)?

  • Kvifor er det viktig med dokumentert tilleggsopplæring for å kunne utføre arbeid under spenning?

  • Kva faktorar må vurderast ved utarbeiding av ein arbeidsplan for arbeid under spenning?

  • Korleis kan feil under arbeid på spenningsførande delar få alvorlege konsekvensar?

Test deg sjølv:

Svar på nokre spørsmål og sjå kva du hugsar av innhaldet i artikkelen.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 30.11.2024