Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

17. Spenningskontroll

Kontroll av spenningslaus arbeidsstad er ein avgjerande sikkerheitsprosedyre. Med rett utstyr og spenningstestar sikrar du at arbeidsområdet er trygt før arbeidet startar. Du unngår òg faren for alvorlege ulykker.

Kontroll av spenningslaus arbeidsstad

Etter at fråkopling og sikring mot tilkopling er gjennomført, er neste trinn å kontrollere at arbeidsstaden faktisk er spenningslaus. Dette er viktig for å sikre at det ikkje er elektrisk straum på arbeidsstaden. Det kan føre til alvorlege ulykker eller skadar.

Spenningstestar skal ikkje vere farleg for deg som arbeidstakar. For at kontrollen skal vere trygg og nøyaktig, må måleinstrumenta som blir brukte, vere berekna på det aktuelle spenningsnivået.

Val av rette måleinstrument

Det er viktig at du bruker måleinstrument som er eigna for den spenningskategorien du testar. Instrumenta må kunne handtere moglege transientar (kortvarige spenningspikar) som kan oppstå når elektrisk straum blir kopla til og frå.

Du må òg kontrollere at instrumentet fungerer før du gjennomfører testane. Det kan du gjere ved å teste instrumentet på ei kjend spenning, til dømes på eit område med straumtilførsel. Då får du stadfesta at instrumentet fungerer rett og gir korrekte målingar.

Kontroll av spenning før og etter testing

Før du begynner sjølve spenningstesten, skal du kontrollere at måleinstrumentet fungerer som det skal ved å teste det på ei kjend spenning. Når du er trygg på at instrumentet er i orden, kan du begynne å måle spenninga mellom fasane og mellom fasane og jord.

Etter testen er det viktig å kontrollere måleinstrumentet på nytt for å forsikre deg om at det ikkje har svikta under sjølv testen, slik at du har sikre målingar og kan stadfeste at arbeidsstaden er spenningslaus.

Under ser du rekkefølga for å kontrollere om eit anlegg er spenningslaust.

  1. Fråkople anlegget for å sikre at det ikkje er straumtilførsel.

  2. Sjekk at spenningstestaren fungerer ved å teste han på ei kjend spenning.

  3. Kontroller at anlegget er spenningslaust ved å bruke spenningstestar mellom fasane og mellom fasane og jord.

  4. Sjekk spenningstestaren igjen for å forsikre deg om at han har fungert korrekt.

  5. Gjer sikring mot tilkopling for å forhindre at straumen utilsikta blir slått på mens arbeidet føregår.

Kvifor gode rutinar for spenningskontroll?

I casen under får du informasjon om arbeidskvardagen til ein som skal utføre arbeid på ei maskin som har vore spenningssett.

Case

Ein montør skulle flytte ei maskin på ein verkstad, og montere nye leidningar for maskina. Etter å ha montert alle leidningar, kontaktar og kanalsystem skulle montøren kople ut sikringa som forsyner den eksisterande kontakten. Sikringa var merkt med "Dreiebenk TOS". Ved inspeksjon oppdaga montøren at det ikkje var god nok merking på anlegget. Det mangla òg informasjon om korleis dei ulike kursane var kopla saman.

Montøren valde å bruke måleinstrumentet til lærlingen. Då han utførte spenningstesten, fekk han null volt. Men då han begynte å løyse tilkoplingane, fekk han likevel straumgjennomgang.

Kvifor skjedde det?

Refleksjonsspørsmål

  • Kva kan skje om du ikkje testar måleinstrumentet før og etter bruk på eit elektrisk anlegg?

  • Kvifor er det viktig å bruke rett rekkefølge ved arbeid på fråkopla anlegg?

  • Korleis kan manglande merking på anlegg føre til farlege situasjonar under arbeidet?

Test deg sjølv:

Svar på nokre spørsmål og sjå kva du hugsar av innhaldet i artikkelen.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 30.11.2024