Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

9. Løpande vurdering

God planlegging er viktig, men evna til å vurdere og justere undervegs er avgjerande. Når uventa situasjonar oppstår, sørger løpande vurderingar for at du kan handtere nye risikoar trygt og effektivt.

Løpande vurdering og fleksibilitet

Sjølv om du har planlagt arbeidet grundig før du startar, dukkar det ofte opp uventa situasjonar undervegs. Derfor er ei løpande vurdering under heile arbeidsprosessen viktig. Då kan du justere planane dersom nye risikoar eller problem oppstår.

Vurdering av endringar undervegs

Når arbeidet blir sett i gang, er dei faktiske forholda på arbeidsplassen ofte annleis enn du har rekna med. For å førebu deg på desse endringane kan du lage planar for ulike scenario.

Då kan du gå tilbake til planen og finne fram til kva som skulle gjerast i ulike situasjonar. Dersom det oppstår ein uventa fare, har du allereie ein plan for kva som skal gjerast.

Handtering av uventa hendingar

Sjølv med grundig planlegging kan det oppstå situasjonar som du ikkje har rekna med. Når slike uventa hendingar skjer, må du stoppe arbeidet, vurdere situasjonen på nytt og justere planen i tråd med forholda som rår.

Det kan vere nødvendig å gjere ei ny risikovurdering for å vurdere korleis dei nye forholda påverkar sikkerheita.

Sikkerheit først

Ei av dei viktigaste prioriteringane i løpande vurdering er at sikkerheita alltid kjem først. Det betyr at Ansvarleg for arbeid (AFA) har ansvaret for at sikkerheitstiltaka blir oppretthaldne. Det gjeld sjølv om det kan gå ut over effektiviteten og driftsmessige omsyn.

Personsikkerheita er alltid viktigast. Ho skal aldri setjast på spel for å oppnå raskare framdrift eller lågare kostnader.

Refleksjonsspørsmål

  • Kva meiner vi med løpande vurdering, og kvifor er det viktig i arbeidet med elektriske anlegg?

  • Korleis kan det hjelpe å ha planar for ulike scenario i tilfelle endringar undervegs i arbeidet?

  • Kva skal du gjere om det oppstår ein uventa situasjon på arbeidsplassen som kan utgjere ein risiko?

  • Korleis sikrar Ansvarleg for arbeid (AFA) at personsikkerheita alltid blir prioritert?

Test deg sjølv:

Svar på nokre spørsmål og sjå kva du hugsar av innhaldet i artikkelen.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 30.11.2024