Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

13. Beredskap

Beredskap er avgjerande når du jobbar med elektriske anlegg. Både generelle krav og spesifikke reglar som FSE sikrar at rette tiltak og førstehjelp er på plass for å handtere ulykker som straumgjennomgang og lysbogeulykker raskt og effektivt.

Beredskap i industrien

Beredskap er viktig ved arbeid på elektriske anlegg, både på installasjonar i industrien og offshore. Krava til beredskap er nedfelte i fleire lover og forskrifter. Det kan vere nokre overlappande krav som må følgast. Desse krava er laga for å sikre at nødvendige tiltak kan setjast i verk raskt i tilfelle ei ulykke eller ei kritisk hending som kan setje helse og liv i fare.

I tillegg til dei generelle krava om beredskap set FSE (Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg) spesifikke krav til førstehjelpsberedskap. Det er eit krav at alle som arbeider med elektriske anlegg, skal ha årleg opplæring i førstehjelp, spesielt knytt til straumulykker. Det er viktig for å kunne handle raskt og rett i tilfelle straumgjennomgang eller ei lysbogeulykke.

Varsling til beredskapstenesta

Det er òg krav om ein varslingsplan for korleis beredskapstenesta, nødetatane og redningstenestene skal varslast. Alle involverte i arbeidet må vere kjende med korleis og når dei skal varsle styresmakter og redningstenester for å sikre at hjelpa kjem raskt fram til arbeidsstaden.

Dei viktigaste elementa i beredskapen

Beredskap er meir enn kunnskap om korleis ein handterer ulykker. Det gjeld òg å kunne reagere raskt og effektivt når noko skjer. Det vil seie rask varsling, rett førstehjelp og eit system for å sikre at alle på arbeidsplassen veit kva dei skal gjere om det skjer ei ulykke.

Refleksjonsspørsmål

  • Kvifor er det viktig med spesialopplæring i førstehjelp ved straumulykker?

  • Korleis kan overlappande krav i ulike forskrifter påverke beredskapstenesta på ein arbeidsplass?

  • Kva element meiner du er viktigast å ha med i ein varslingsplan?

Test deg sjølv:

Svar på nokre spørsmål og sjå kva du hugsar av innhaldet i artikkelen.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 30.11.2024