Samanlikningsoppgåver - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Samanlikningsoppgåver

Her har vi samla ulike oppgåver der samanlikning av religionar og livssyn er tema.

Målet

Kva er målet med livet for ein kristen og ein muslim? Sjå ein video der ein ahmadiyya-muslim og ein katolikk snakkar saman om dei store spørsmåla i livet. Jobb med samanlikningsoppgåver til videoen.

Målet

Døden

Kva er forskjellane og likskapane mellom kristendommen og buddhismen sine syn på døden? Sjå ein mahayana-buddhist og ein katolikk snakke saman om tankane sine om liv og død.

Døden

Skriften

Juhashinee er hindu og besøkjer Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskeen for å snakke om dei heilage skriftene. Utforsk og samanlikn betydninga av dei heilage skriftene i islam og hinduismen.

Skriften

Forholdet til Gud

I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenkjer ein buddhist om Gud? Jael og Nhu snakkar saman om dette og andre store spørsmål i ei lauvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkot. Sjå videoen og samanlikn.

Forholdet til Gud

Høgtider og ritual

Ein jøde er på besøk hos ein hindu for å snakke om religiøst liv, høgtider og ritual. Dei er med på feiringa av lysfesten divali. Samanlikn forholdet deira til religiøs praksis og utforsk nærare høgtidene divali og hanukkah.

Høgtider og ritual

Bønn

Bønn finst i mange religionar. I denne oppgåva skal de samanlikne bønnene ut frå bønneritual som er filma. Kvifor er bønn så sentralt i mange religionar?

Bønn

Religion og kjønn

Kva skjer når to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn? Sjå samtalen og jobb med oppgåver.

Religion og kjønn

Samanlikn austlege religionar

I denne oppgåva skal du utforske ulike fellestrekk i dei såkalla austlege religionane.

Samanlikn austlege religionar

Samanlikn vestlege religionar

I denne oppgåva skal du utforske nokre av dei trekka vestlege religionar har til felles.

Samanlikn vestlege religionar

Genteknologi

Ny teknologi gir nye etiske utfordringar. Kva skal vi meine om genmodifisering, kloning og gentesting? Revygruppa på Elvebakken videregående skole diskuterer. Her skal du sjå på korleis religion blir brukt i debatten om genteknologi, og korleis ikkje-religiøse kan argumentere for sitt syn.

Genteknologi

Abort

Abort er eit omdiskutert tema. Abort er tillate i Noreg, men er det moralsk rett å avbryte eit svangerskap? Er det moralsk rett å forby abort? Revygruppa på Elvebakken videregående skole diskuterer. Oppgåvene handlar mellom anna om ulike religiøse grunngivingar for standpunkt i abortdebatten.

Abort

Ære og skam

Skam og ære er omgrep vi kanskje knyter meir til andre kulturar enn den norske. Men dette har vore viktig òg i norsk kultur. Revygruppa på Elvebakken videregående skole snakkar saman om kva dei meiner om skam og ære. Videoen kan brukast som utgangspunkt til å utforske betydninga av skam og ære i ulike religionar.

Ære og skam

Homofili

Homofili var forboden i Noreg fram til 1972. I enkelte religiøse miljø er dette framleis eit omdiskutert tema, sjølv om homofile generelt er mykje meir aksepterte i dagens norske samfunn enn dei var for 50 år sidan. Revygruppa på Elvebakken videregående skole snakkar saman om sitt syn på homofili. Her kan du mellom anna samanlikne korleis religion kan ha betydning for synet på homofili.

Homofili

Åndelegheit

Kva inneber det å ha ei anna verkelegeheit å ta omsyn til? Kva betyr det å vere religiøs, i kvardagen? Korleis kan ein personleg oppleve noko åndeleg? I denne podkasten fortel hinduen Yuhashinee og kristne Ann Kristin om forholdet sitt til åndelegheit.

Åndelegheit

Kristne retningar

Kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane mellom dei ulike kyrkjesamfunna? I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i ulike kristne retningar og samanlikne i grupper. Den same oppskrifta kan brukast på å samanlikne ulike religionar eller retningar innan andre religionar.

Kristne retningar

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022