Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Homofili

Homofili var forbode i Noreg fram til 1972. I enkelte religiøse miljø er dette framleis eit omdiskutert tema, sjølv om homofile generelt er mykje meir aksepterte i dagens norske samfunn enn dei var for 50 år sidan. Revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule snakkar saman om synet sitt på homofili.

Sjå filmen (lengde 6:04) og jobb med oppgåvene under.

Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa gjenbruk
  1. Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:

    • positiv til homofili
    • negativ til homofili
  2. Korleis blir religion brukt til å grunngi standpunkta i diskusjonen?
  3. Kva for andre argument blir brukt i debatten rundt homofili? Finn døme frå begge sider.
  4. Den eine kristne eleven i filmen seier at han kjenner skam når han høyrer frå andre kristne at homofili er syndig. Kvifor trur du han reagerer slik?
  5. Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:

    • Kvifor trur de homofili vekkjer så sterke kjensler og så mykje debatt?
    • Homofili var i Noreg klassifisert som ein sjukdom og forbode heilt fram til 1972. Kva kan ha vore årsakene til dette?
    • Bør homofile ha akkurat dei same rettane som heterofile, til dømes når det gjeld ekteskap og adopsjon?
    • Somme religiøse grupper har eigne program for å “lækje” homofile. Undersøk: Er det tillate å drive såkalla “homo-terapi” på religiøst grunnlag?
Skrive av Knut Dæhli.
Sist oppdatert 10.03.2026