Fagstoff
Video
Ære og skam
Skam og ære er omgrep vi kanskje forbind meir med andre kulturar enn den norske. Men dette har vore viktig også i norsk kultur. Revygruppa på Elvebakken videregående skole snakkar saman om kva dei meiner om skam og ære.
Før du ser filmen
Kva tenkjer du er samanhengen mellom ære og skam?
Sjå filmen (lengde 7:08) og jobb med oppgåvene under.
Video: Applaus! Film & TV / Avgrensa gjenbruk
Etter at du har sett filmen
- I filmen kjem det fram ulike perspektiv på omgrepet "ære". Gi døme på ulike forståingar av omgrepet. Bruk gjerne døme frå filmen.
- Korleis forstår du omgrepet "skam"?
- Kva er samanhengen mellom ære og skam?
Ære og skam kan vere både positivt og negativt. Prøv å finne minst tre argument for kvart av standpunkta. Bruk gjerne døme frå filmen. Del argumenta i to grupper:
- Ære og skam er bra og nyttig.
- Ære og skam er negativt og skadeleg.
- Ein av deltakarane seier at ære og skam er ei form for tankekontroll. Er du einig i dette utsegnet? Grunngi svaret.
Diskusjon
Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:
- I dagens Noreg, kva slags handlingar eller kva livsstil meiner du medfører mest skam i fleirtalet sine auge?
- Bør vi prøve å kjempe mot æreskultur i Noreg? Korleis bør dette i tilfelle gjerast?
- Kva er forbindelsen mellom religion, ære og skam?
Fordjuping
Les utdraget frå snl.no sin artikkel om ære:
- Kva kjenneteiknar ein æreskultur?
- Kva er grunnen til at Noreg ikkje er prega av ein æreskultur?
- Kvifor kan æreskultur føre til valdsbruk?
- Korleis kan det oppstå konfliktar mellom æreskultur og likestilling?
- Æreskultur har fått mykje merksemd i media. Finn tre døme på artiklar om æreskultur og arbeid med desse spørsmåla:
- Kva handlar artiklane om?
- Kvifor trur du desse sakene får så mykje merksemd?
- I kva grad trur du religion speler noka rolle i desse sakene?